Siste nytt om Bømoen

Her finn du saksopplysningar, meiningar og nyheiter om reguleringsplanar, vedtak og aktivitetar i Bømoen – Voss sitt svar på Nordmarka

Om Bømoen

  • Forsvaret etablerte Bømoen leir i 1898 og la ned aktiviteten i 2008
  • Området er ca 20 500 kvadratmeter
  • Bømoen AS kjøpte området frå Forsvarsbygg/Skifte Eigedom AS i 2013 for 41 mill. kr
  • Voss kommune sa nei til å kjøpa. Mange meinte det var ei skam at eit så stort offentleg område kom på private hender
  • Jordalen Entreprenør AS og Spilde Entreprenør AS står bak Bømoen AS
  • I 2014 starta arbeidet med ein privat områdereguleringsplan for Bømoen
  • Hausten 2017 vart områdereguleringsplan for Bømoen handsama politisk. Det kom inn om lag 150 merknader. NVE, Direktoratet for mineralforvaltning, Statens vegvesen og Statsforvaltaren fremja motsegn til planen. Fylkeskommunen varsla motsegn mot forretningsføremål. Planprosessen vart sett på vent
  • I ny kommuneplan vedteken i 2020, vart delar av Bømoen avsett til næringsføremål, fritids- og turistføremål, idrett, flyplass og masseuttak
  • I juni 2023 vart ny områdereguleringsplan for Bømoen lagt fram for formannskapet og var ute på offentleg høyring til september
  • Venteleg skal områdereguleringsplanen opp til politisk handsaming i heradsstyret i juni 2024
Image
Image