Dei som forhandlar for Voss herad – på vegner av oss alle – har lagt fram eit avtaleutkast som vil flytta store areal frå natur og friluftsliv til næring. Då bør dei i det minste vera tydelege på konsekvensane.

I sakspresentasjonen til heradsstyret 15. desember er natur nemnd éin gong. Der heiter det at omsynet til «urørt eller ikkje nedbygd natur» vog tungt i reguleringsprosessen, men at desse interessene vert svekte gjennom avtalen – jf. NÆ1, NÆ2 og KBA8.

Kva betyr dette i praksis? Naturvernlaget har fått laga eit kart som viser naturtapet ved den «minnelege avtalen» i Bømoen. Tapet tilsvarar i praksis heile Prestegardsmoen: om lag 16 fotballbanar. Det blå arealet på kartet viser nytt vegareal og fortau som kjem i tillegg som rekkefylgjekrav.

Det er advart mot bit for bit nedbygging av natur, mellom anna i NRK sin dokumentarserie «Oppsynsmannen». Norske kommunar gjer vedtak som i sum er alarmerande for naturmangfaldet – og for oss menneske. Skogen sin effekt på folkehelsa er veldokumentert.

Naturkrisa er global. Den internasjonale naturavtalen har eit tydeleg mål om å ta vare på minst 30 prosent av naturen innan 2030, og Noreg har fylgt opp i same retning. Då er det eit tankekors at naturomsyn er så svakt handsama i Bømoen-saka, samstundes som Voss herad elles vedtek høge ambisjonar for klima, miljø og natur i overordna planar. At me har mykje fjell og lier, er ikkje eit frikort til å byggja ned dei mest brukte og mest verdifulle bitane. Naturavtalen handlar om å ta vare på område som heng saman, og som representerer naturtypane me faktisk har. Bømoen er eit av dei siste heilskaplege døma på furumo her vest. Viktige delar av nærnaturen er rett og slett forhandla vekk, sjølv etter at engasjementet for skogen i Bømoen har vore overveldande blant folk flest. Me pliktar å ta vare på det som er att av Bømoen for framtida – ikkje stykka han opp og fjerna han, bit for bit.


BJØRKEMOEN 2009: På det tidspunktet skogen tapte for masseuttaket. Resultatet for folkehelsa av ein skog som blir rasert er lett å få auge på Folkehelsekartet