Som ein del av planprosessen har sivilingeniør Helge Hopen utgreidd dei trafikale konsekvensane på oppdrag av Bømoen AS. Rapporten seier mykje om kva Bømoen AS tenkjer om utnyttinga av naturområdet. (ÅDT = gjennomsnittleg trafikkpassering per døgn.)

Alt Text
Delområde Vest var tiltenkt bustadføremål, men vart trekt etter protestar i 2017. "Områda har i prinsippet same arealformål som forslaget i 2017, dvs. næring/handel i nord, reiseliv, friluftsliv, kultur osv. i sør, og i delområde aust er det lagt opp til å vidareføre og vidareutvikle dagens aktivitetar med grusutak mm." (Sitert frå rapporten)

Delområde nord

Berekna framtidig trafikk frå delområde nord er ca 3.200 ÅDT. Dette inkluderer dagens trafikk på ca 1.000 ÅDT. Ny arealutvikling kan føre til vesentleg auka aktivitet knytt til dagens funksjonar/verksemder, og det blir derfor tilrådd å ta høgde for dette i estimatet på netto nyskapt trafikkmengde. Framtidig trafikkmengde til/frå delområde nord: 3.500 ÅDT.

Delområde sør

Trafikken er grovt vurdert ut frå planlagde funksjonar og nybygg. Det er lagt til grunn vidareføring av dagens aktivitetar, pluss camping som ny arealfunksjon og hotell som ny funksjon. Trafikken er vurdert i ein normalsituasjon på kvardagar.

Planforslaget legg opp til ei hovudvekt av heilårscampinggjester, som forventast å skape mindre trafikk enn camping basert på korttidsgjester. Kapasiteten for campingplassen er sett til ca 110 einingar. Basert på generell informasjon frå Voss Camping er gjennomsnittleg trafikk per langtidsgjest inn/ut av Bømoen estimert til ca. 5 turar per veke. Med ein bilandel på 70% og 50% gjennomsnittleg belegg over året, kan gjennomsnittleg ÅDT reknast til 53.

Trafikken i høgsesong (arrangement osb.) ved full utnytting kan grovt estimerast til ca. 300-400 ÅDT.

For hotellet er trafikken på ein gjennomsnittleg kvardag berekna ut frå 60% gjennomsnittleg belegg, 1,5 døgn opphald og konferansar 1-2 dagar i veka. Berekningane gjev ca. 150 ÅDT.

Alt Text
Satsar på heilårscampinggjester: Sikker mange som betalar bra for ei hytte i Bømoen

Delområde aust

Delområde aust skal tilretteleggjast for råstoffutvinning, inkludert grusutak. Trafikken til/frå grusutaket vil avhenge av uttaksvolum og lastebilkapasitet. Basert på andre grusutak kan ein rekne med ca. 40 ÅDT ved 100.000 tonn uttak per år (ca. 15 tonn per lastebil). I tillegg kjem annan transport men dette vil vere mindre volum. Samla trafikk er estimert til ca. 50 ÅDT ved 100.000 tonn uttak per år.

Delområde aust får hovudtilkomst via Bjørkevegen og Bjørkemoen. Eksisterande vegnett og bru over elva må opprustast for å handtere trafikken frå delområdet.

Samla trafikk til/frå planområdet via Rv. 13 er i dag ca. 1.000 ÅDT. I eit framskrive nullalternativ er det rekna 10% generell trafikkvekst. For framtidige trafikkmengder er det lagt til grunn trafikken i nullalternativet pluss berekna nyskapt trafikk frå delområde sør og nord. Delområde vest er tatt ut av planen og trafikken til/frå delområde aust skal leiast ut i aust.

Berekningar ved full utbygging etter revidert planforslag frå 2023 viser at framtidig samla trafikk til/frå planområdet via rv. 13 vil vere ca. 3.500–4.000 ÅDT, dvs. ein auke på ca. 2.500–3.000 ÅDT frå dagens nivå.

Når det gjeld tungtrafikk, er det lagt til grunn at delområde aust får primær tilkomst frå lokalveinettet i aust. Dersom delar av område aust blir betjent via fv. 5386 mot kryss med rv. 13, kan det forventast høg tungtrafikkandel i Bømovegen og Tjukkebygdsvegen inn mot rv. 13. Då vil behovet for å separere gang- og sykkeltrafikk frå biltrafikk vere enda større.

For å sikre god tryggleik ved biltrafikk, er vegstandard, siktforhold og utforming av kryss viktige forutsetningar. Fartsnivået er også avgjerande for tryggleiken.

Anbefalt strategi for å ivareta trafikktryggleik ved utbygging i planområdet:

  • Separere gåande/syklande frå biltrafikken med eige samanhengande gang-/sykkelvegnett og planskilte kryssingspunkt.
  • Unngå farlege «snarvegar» som inneber kryssing av køyreveg i plan.
  • Låg fartsgrense for biltrafikk, spesielt i tettbygde område inn mot rv. 13 (30 km/t).
  • Fysiske fartsdempande tiltak, spesielt ved regulerte fotgjengarkryssingar i plan.
  • God sikring av planskilte kryssingsstader med ledegjerde for å unngå kryssing i plan.
  • Gode siktforhold i kryss og ved avkøyrsler.
  • Leggje til rette for å betjene lokaltrafikk til/frå delområde nord via lokalvegnettet i aust for å avlaste fv. 5386 inn mot kryss med rv. 13. Dette føreset at det ikkje gir lekkasje av tungtrafikk frå delområde aust via fv. 5386.
Alt Text
Reguleringsplanen legg opp til ekstrem auke i biltrafikken i Bømoen. Kartet viser gjennomsnittleg trafikk mot Palmafossen. I tillegg kjem 600 køyretøy per døgn over Bjørke bru i aust.

5.5 Samla vurdering

Planforslaget medfører trafikkauke til/frå Bømoen, som vil gi auka trafikkbelastning i krysset rv. 13/fv. 5386. Nyskapt trafikk ved full utbygging av planområdet er berekna til ca. 2.500 - 3.000 ÅDT.

Utfordringane med auka trafikk når det gjeld trafikkavvikling og kapasitet kan løysast med nødvendig tilpassing av vegnett og kryss.

Kapasitetsanalysane viser at det eksisterande krysset rv. 13/fv. 5386 ikkje har kapasitet til å handtere ei utbygging av planområdet. Når det gjeld tilførselsvegane til planområdet og gang-/sykkelvegnettet i området, anbefalast det å legge til rette for separerte løysingar så langt det er mogleg, og vektlegge trafikksikkerheit i utforming av kryss og kryssingspunkt.

I trafikkanalysen er det føresett at tungtrafikken til/frå delområde nord skal leiast inn via Bjørkevegen/Bjørkemoen. Dette føreset tilrettelegging med akseptabel vegstandard og oppgradering av brua over elva.

Vegstandarden internt i Bømoen bør vere i samsvar med vegnormalane for berekna trafikkmengder for å sikre god framkome for næringstransporten.

Anslag av framtidig, maksimalt trafikknivå i Bjørkevegen opp mot kryss med rv. 13 er 1.200 ÅDT. Av dette utgjer nyskapt trafikk frå Bømoen (delområde aust + 10% til/frå delområde nord) opp mot ca. 600 ÅDT. Det er lagt til grunn eit estimat på ca. 70% tungtrafikkandel frå delområde aust og 20% tungtrafikk frå delområde nord. Her er det teke høgde for at ein for delområde nord eventuelt kan få leidd tungtrafikk som skal til rv. 13 mot sør via Bjørkevegen (t.d. til/frå Statens vegvesen sin trafikkstasjon). Dette betyr at nyskapt trafikk frå Bømoen (600 ÅDT) som kjem via brua over elva, består av ca. 200 tunge køyretøy og 400 lette køyretøy (ÅDT).