Områdereguleringsplanen for Bømoen skal opp til politisk behandling i Voss heradsstyre 13. juni. Det er kort tid sidan planforslaget frå Bømoen AS og 3RW kom på bordet. Men Naturvernlaget har studert konsekvensane, og ein del er presentert på denne nettsida. Me har merkt oss at planforslaget har manglar i høve overordna planar og føringar frå heradet. Det lar me liggja no, men me vil gjerne presentere SV og AP sin alternative plan som me meiner ivaretek natur, miljø, friluftsliv og drikkevatn på ein betre måte. Synes du det er mykje å setje seg inn i i Bømo-saka, får du her ei oppsummering. Les, så kan du gjere deg opp di eiga meining:

Kven kan bestemme kva Bømoen kan nyttast til?

Heradsstyret på Voss bestemmer i kommuneplanen sin arealdel kva eit område kan nyttast til. Til dømes kan ikkje du byggje hotell i hagen din, med mindre det står i kommuneplanen sin arealdel.

Då Bømoen AS kjøpte området i 2013 såg kartet i kommuneplanen sin arealdel slik ut:

Reguleringskart Voss kommune
Areal i kommuneplanen anno 2013

Dette vart du sikkert ikkje så mykje klokare av. I tillegg til kartet må du nemleg ha føresegnene. I desse stod det:

Bømoen (OM-710-1) er bandlagt inntil det føreligg godkjend reguleringsplan. I samband med utarbeiding av offentleg reguleringsplan for Bømoen skal viktige drikkevassressursar, friluftsområde og grøntstrukturar i området sikrast (…) Det skal lagast ein plan for ev. uttak av grusressursane i området.

Bømoen AS kjøpte altså eit område som var eit «kvitt hol» på kartet. Det var enno ikkje bestemt kva dei skulle få bruke området til, men føresegnene sa at ein skulle sikre viktige drikkevassressursar, friluftsområde og grøntstrukturar.

Ny arealplan 2020-2032

I 2020 vedtok heradsstyret ein ny kommuneplan, kommuneplanen for 2020–2032. Hovudmålet for arealstrategien i planen lyder slik:

Voss Herad ynskjer ein arealbruk som er berekraftig, og i tråd med føreseieleg utvikling.

Planen definerer vidare miljømessig berekraft slik (s. 8): 

for å skapa miljømessig berekraft må me (...) bruka areala på ein betre måte og verna om naturressursane. (...) Arealplanen må difor ha ei tilnærming til ny arealbruk som er basert på naturen sine premissar.

Hugsar du at saman med arealplanen må ein også lese føresegnene? Frå føresegnene punkt 2.11.7: 

Bømoen (OM 710_1) er bandlagt inntil det føreligg godkjend områdereguleringsplan. Området har tidlegare vore avsett som område for forsvaret. I påvente av reguleringsplan er området tilbakeført til LNF.

I dei nye føresegnene skyv altså kommuneplanen sin arealdel mykje av ansvaret for kva som skal skje vidare i Bømoen, ned til neste nivå: områdereguleringsplanen.

Dermed er den no, den 13.06.2024, at heradsstyret på Voss skal vedta områdereguleringsplanen som seier noko om kva Bømoen AS kan få lov til å nytta Bømoen til. Det er no politikarane har mogelegheit for å setja grenser for kva som kan gjerast i Bømoen. Bømoen AS har fleire gonger kome med framlegg til ny områdereguleringsplan som politikarane har avvist, siste gong den 08.06.23. Formannskapet sa den gongen at før Bømoen AS kom fekk kome med eit nytt framlegg, måtte dei ta omsyn til punkta nedanfor, henta frå protokollen frå formannskapsmøtet:

Føringar frå formannskapet

  1. Området nord for flystripa skal tilpassast drift av flyplassen og luftsportsaktivitet.
  2. Som prinsipp bør utviklinga av Bømoen basera seg på utvikling av område som allereie er bygd ned, før ein tek nye urørte område.
  3. Områda NÆR1 og NÆR2 må vurderast ut av planen for å ivareta luftsportsinteressene, skogen sin støydempande effekt og Voss sitt behov for friområde.
  4. Innanfor område KBA7 må det vurderast regulert til aktivitet som er flyplassrelatert.
  5. Bømoen flyplass må vera tilrettelagt for helikopterflyging med tanke på beredskap og transportoppdrag.

Desse 5 punkta vart einstemmig vedteke av formannskapet, for berre eit år sidan. Les særleg punkt nummer 2!

Den gongen var det desse politikarane som sat i formannskapet:

  • Hans-Erik Ringkjøb AP
  • Hilde Marie Magnusson AP
  • Iril Kirstine Schau Johansen H (ugild i saka)
  • Sveinung Klyve MDG
  • Annlaug Haugse Såkvitne SP
  • Samson Hamre SP
  • Sigbjørn Hauge SP
  • Tonje Såkvitne SP
  • Arnfinn Gjerdåker SV

Heng du med enno? Me nærmar oss dagens dato. Bømoen AS kom med sitt nye framlegg til reguleringsplan 15.05.2024. Rådmannen (dvs. planavdelinga i Voss Herad) har så behandla framlegget, sett på korleis dette passa med kommuneplanen frå 2020 og føringane frå formannskapet, lese høyringsinnspela frå folk, og kome med eit framlegg til kva politikarane skal vedta. Dette framlegget kallast ei tilråding eller innstilling.

Politikarane har full mogelegheit til å vurdere og vekta annleis enn kva rådmannen har gjort, og det er politikarane sitt vedtak som til slutt vert bindande for Bømoen AS.

Framlegget frå Bømoen AS

På dette kartet kan du sjå det totale området som Bømoen AS vil bruke til mellom anna industri og næring. (Her har me lagt farge på flyplassen og på grusuttaka, som elles ville vore usynlege på kartet i saksframstillinga). Ein kan tydeleg sjå kor stor del av Bømoen som er lagt beslag på, og kor mykje av skog og friluftsområde som vil forsvinne.

Alt Text
Bømoen AS sitt forslag til bruk av areal

Dette er grunnen til at Ap og SV har kome med eit alternativt framlegg til vedtak, der dei har forsøkt å ta vare på endå meir av skogen og friluftsområda som ligg i Bømoen i dag og som me synest er særleg viktige. Her er kartet slik dei meiner det bør sjå ut:

Alternativt forslag til reguleringsplan som tek omsyn til natur og friluftsliv, og fylgjer opp formannskapet sine føringar frå 2023. Dei ulike felta er omtala seinare i teksten.

Argumenta for den alternative planen

Rådmannen sitt framlegg vil ikkje klare å kombinere næring og friluftsliv på den måten ein ynskjer for framtida. Det vil verte ei stor trafikkauke, og næring / industri vil berøre mange område på ein måte som tek vekk det unike preget i Bømoen som ein ynskjer å bevare. SV og AP ynskjer ei tilnærming til ny arealbruk som er basert på naturen sine premissar.

Partia vektar folkehelse, friluftsliv og reint drikkevatn opp mot trafikkauke og Bømoen AS sine forretningsinteresser tyngre enn kva rådmannen har gjort.

Vektlegging Bømoen

Treng Voss nytt næringsareal?

Partia meiner dessutan at Voss har nok næringsareal andre stader i bygda, til dømes på Istadmyrane eller på Bjørkemoen. Som du ser på karta over er det eit stort areal på austsida av elva, Bjørkemoen, der ein allereide har «grått areal». Her kan ein lett byggje industri og næring, i staden for å byrje på nye område. Rådmannen skriv i si innstilling at Voss Herad har masse ledig næringsareal i kommunen.

I tillegg til desse argumenta meiner SV og AP at rådmannen sitt framlegg til vedtak ikkje er i tråd med føringane frå formannskapet frå juni 2023, eller andre vedtekne planar som til dømes Vossaklima 2030, Strategisk næringsplan, eller kommuneplan for tidleg innsats og livsmeistring

Oi, stopp litt:
Veit du kor stort eit mål eller eit dekar er?
1 mål = 1 dekar = 1 daa = 1000 kvadratmeter
Ein FIFA-godkjend fotballbane er ca 7 mål.

Oversikt over dei ulike områda i planen

Her fylgjer ei kjapp oversikt over dei ulike områda i planen: (Ikkje fortvil, du er nesten halvvegs) Me starter øvst til venstre:

Område T (lyserosa, allereie utbygd) og LA1 (lilla)

Bømoen planforslag

Det nye lilla området, LA1, er 10 daa (ca 1,5 fotballbane).

Bømoen AS: ynskjer nytta området til lager. Estimert bygningsmasse på 2000 m2.

Rådmannen si vurdering:

  1. verdifullt av di det inngår i eit større samanhengande skogsområde
  2. opplevingsverdien ved bruk av turstien ca 10 m sør vil verta redusert
  3. verdi som samanhengande habitat for vilt
  4. bør utvikle område som allereie er bygd ned før ein tek nye urørte område

Konklusjon: LA1 reguleres inn i planen (men rådmannen har ikkje argumentert med kvifor dei ynskjer LA1 inn i planen)

SV og Ap: Har kome til motsett konklusjon. AP og SV har vekta dei 4 punkta over som viktige verdiar + trafikken vil auka i frå LA1 med 70 køyretøy pr døgn ved Palmafossen skule + 800 mål med ubrukt næringsareal rundt i bygda som andre alt har investert mykje pengar i.

 

KBA7, IDR, “NÆ1” (tidlegare nemning) og LHA2

Bømoen planforslag

KBA7 (gult) =43 daa, IDR (grønt) = 41 daa, NÆ1 (tidligare nemning, vetle lilla firkant)=4 daa

Bømoen AS: vil nytta KBA7 til kontor, industri og lager, herunder verksted og garasjer, samt helikopterplass og flyplassrelatert næring som hangar etc.

Rådmannen: føreslår å leggje den vesle lilla firkanten (tidligare kalt NÆ1) mellom KBA7 og IDR til KBA7.

KBA7 er området der det i dag ligg flyplassrelatert verksemd, som Bømoen AS ville flytta til eit heilt nytt område, LHA2, aust for flystripa. Det er det ingen andre som synes har vore nokon god ide. LHA2 er nemleg innanfor omsynssona til drikkevasskjelda, og kan utgjere ein potensiell risiko for forureining. LHA2 er føreslått teke ut av planen.

Bømoen planforslag

LHA2 (raud strek rundt) aust for flystripa. Sikringssone for drikkevatn markert i blått.

SV og Ap: meiner at i områda KBA7 og IDR bør dei som held til i dag framleis få halde til, og området bør regulerast til flyplassrelatert verksemd. Området bør vidare delast som på kartet vårt, utan den vesle firkanten i det øvre vestre hjørnet til KBA7. Området IDR er der Voss Fallskjermklubb og Voss Hang- og paragliderklubb held til i dag, og skogen i nordre del av IDR og KBA 7 bør takast vare på som skjerming og støydemping.

 

NÆ1 og råstoffutvinning #3

Det som no er NÆ1 er det same arealet som tidlegare var NÆ2 (på kartet også NÆ2)

Det som no er #3 råstoffutvinning er det same arealet som tidlegare var #2 (på kartet #2)

Bømoen planforslag

NÆ1 (store, lilla område) = 36 daa, råstoffutvinning #3 (blått) = 81 daa, til saman 121 daa = 17 fotballbanar

Rådmannen: har føreslått å ta ut desse 2 områda. Her kan ein tydeleg sjå at det er skog og stiar (inkl Bømoløypa) i dag, og det å opne opp for eit industriområde på 36 daa og eit grusuttak på 81 daa vil ikkje berre fullstendig endre naturen og friluftsliv i dette området, men også utgjere ei fare for drikkevasskjelda, og gje eit stort problem med trafikkauke.

SV og Ap: er nøgde med at dette er teke ut av planen. Det er i tråd med føringane frå formannskapet, og overordna planar.

 

LH1 (flyplassen)

Sjølve flystripa har ikkje SV/AP merknadar til, men i KU-naturmangfald (KU = konsekvensutgreiing) er det peika på at areal sør for flyplassen utgjer ein viktig viltkorridor. For å ivareta omsyn til naturmangfald er det difor viktig at det vert avsett ein grøn korridor langs heile flystripa. Ein slik «grøn korridor» meiner SV og Ap ikkje kan vere på berre 25 meter. Dei ynskjer ei større grøn sone sør for flystripa, ikkje berre for vilt, men også for vill-vossingar, på tur i skog og mark.

No byrjer det kompliserte, er du klar? Fyrst – ta ein kikk på denne illustrasjonen frå Bømoen AS:

Alt Text

Ikkje så ille tenkjer du? Les vidare, og ha i bakhovudet kor stor ein fotballbane er.

KBA8 og KBA10

Bømoen planforslag

KBA8 og KBA10, tilsaman 46 daa (7 fotballbanar)

Bømoen AS: Planen opnar for bygging av 12.100 m2 i KBA8 og 11.000 m2 i KBA10 totalt 23.100 m2 kontor/industri/ lagerbygg i 12 meters høgde. I trafikkanalysa for KBA 8 er det berekna at dette vil føre til 800 køyretøy pr døgn. (Av dette utgjer tungtransport 120 køyretøy pr døgn). I KBA10 er det berekna at utbygginga vil føre til 350 køyretøy pr døgn. (Av dette 53 køyretøy for tungtransport). Samla for KBA8 og 10: 1150 køyretøy pr. døgn (173 til tungtransport).

Rådmannen: peikar på at arealet på sørsida av flyplassen er ein viktig viltkorridor, og nedbygging av denne vil slå negativt ut for naturmangfaldet. Omsyn til tryggleik rundt flyplassen og omsyn til naturmangfaldet er samanfallande i dette området. Luftfartstilsynet frarår å opna for bygging i ein avstand på 50 meter frå flyplassen, og ved å ivareta dette vil også omsyn til naturmangfaldet verta vidareført.

SV og Ap: meiner at det er unødvendig å byggje ut dette området, som i dag er skog og/eller grensar til flystripa. Området bør haldast ubebygd både pga sikkerheit for luftfart og naturomsyn. Det er ikkje i tråd med føringane frå formannskapet å opne opp for ny utbygging her, og det vil gje ei svært stor auke i trafikk i dette området og ut av området til Palmafossen eller over Bjørke bru.

KBA9

Bømoen planforslag

KBA9 - 72 daa (10 fotballbanar).

Bømoen AS: Planen opnar for å bygge 24.000 m2 kontor / industri / lager / verkstad / garasjar i 20 meters høgde (4–5 etasjar). Totalt vil dette kunne føre til 600 køyretøy pr døgn, 90 av desse tungtransport.

Rådmannen: I KU for landskap er det peika på at ved maks utbygging vil alle landskapskvalitetar stort sett forsvinna. Det totale omfanget av utbygginga er det som gir utslag. Andre relevante KU-rapportar som barn og unge, friluftsliv og rekreasjon, klima og helse, peiker på det same; stort omfang av ny utbygging vil føra til negative konsekvensar i større eller mindre grad. Sjølv om området ikkje ligg i direkte tilknyting til flyplassen og Bømoløypa, gir utbygging her likevel eit potensiale for negative konsekvensar for omgjevnadene.

SV og Ap: dette området ligg i dag i ei omsynssone for kulturmiljø. Det har ikkje Bømoen AS teke særleg omsyn til, ta deg ein tur og sjå sjølv! I dette området har dei forsøkt ta eit fugleperspektiv – og dersom du ser på kartet vårt vil du sjå at om dei tilbakefører den øvste delen av den gamle flystripa til naturområde, og heller konsentrerer næringsarealet til den søre delen, så vil ein få eit samanhengande grønt område sør for flystripa. Her snirklar nemleg mange flotte stiar seg gjennom skogen, og desse er særs mykje brukt. Det kan du til dømes sjå på dette kartet over stiar som er i bruk (frå Strava):

Bømoen planforslag

NÆ2

Bømoen planforslag

Det som no er NÆ2, er på kartet nemnt NÆ3 sidan det var den tidlegare nemninga på arealet. NÆ2 = 85 daa (12 fotballbanar)

Bømoen AS: Planen opnar for å bygge 42.500 m2 næring/industri/lagerbygg i 12 meters høgde. Tatt utgangspunkt i estimert bygningsmasse på 20.000 m2 (altså berre halvparten av kva planen opnar for) vil overslag for trafikk vere 700 køyretøy pr døgn. Av dette 100 med tungtransport.

Rådmannen: 45 daa av området er ubebygd. Mesteparten er dekt av skog/ vegetasjon, men om lag 14 daa er ein gamal skytebane. 40 daa er bebygd. Kor mykje tungtrafikk ny verksemd vil utgjera vil henge saman med aktiviteten som vert etablert.

SV og Ap: vil framleis fylgje føringane frå formannskapet på at ein skal nytte allereide nedbygde område fyrst. Det er allereide store områder her som er grått (40 daa.) - inngjerda område med flyhangar, Voss Tekniske Verkstad mm). Den gamle skytebana er iferd med å revegetere seg sjølv, og området sør for flystripa trengs til det grøne området ein vil ha her (ikkje korridoren – kven vil gå på tur i ein korridor??). Gå heller ein tur på stien og søk skogens ro, forslaget er å avgrense dette området i reguleringsplanen til det som allereide er inngjerda og grått.

 

C1, C2, KBA1-KBA3, HO1-HO3

Bømoen planforslag

C1 og C2 (campingplass, sjå også bilete til høgre, 49 mål til saman = 7 fotballbanar), PP2 og PP3 (parkering), PA1 og PA2 (park), HO1 – HO3 (hotell/overnatting), AI1 og AI2 (andre idrettsanlegg), KBA1 – KBA3 (kombinert føremål – tenesteyting, kontor, lager, hotell / overnatting og fritids- og turistføremål).

Bømoen AS: området skal behalde sitt historiske preg som militærleir, men planen opnar for ei større breidde av overnattings- og aktivitetstilbod. Målet er å sikra vern gjennom bruk. Leirområdet er omfatta av omsynssone for bevaring av kulturmiljø. Ingen av desse felta har krav om detaljregulering. Innanfor felt HO3 er det opna for ei større utvikling med nytt hotellbygg. Byggehøgde er fastsett til minimum 3 og maksimum 5 etasjar / maksimalt 20 meter. Dei to felta som er avsett til campingplass (C1 og C2) inneber ei større utvikling og ny bruk i området.

Rådmannen: Det har i lengre tid vore peika på eit behov og ynskje om å leggja til rette for camping, spesielt bubilcamping, nært sentrum. Primært har ein ynskja å finne areal som ligg i gangavstand til sentrum, men foreløpig har ein ikkje lukkast i å finna ein eigna eller aktuell permanent plass. Bømoen kan vera eit godt alternativ, sjølv om området ikkje ligg i umiddelbar nærleik til sentrum. Dei største konskevensane for naturmangfaldet er knytt til utbygging innanfor område som i dag er relativt urørde. Dette gjeld område for campingplass, og også område for hotell H03. I KU for naturmangfald er det likevel konkludert med at planen vil ha ingen konsekvens for naturmangfaldet i område sør. I KU for friluftsliv er området vurdert til å vera av stor verdi, men også her er konklusjonen at planen vil ha ingen konsekvens.

SV og Ap: synes det er svært rart at ein har konkludert med at denne utbygginga ikkje vil ha konsekvens for naturmangfald og friluftsliv. Ein kan merke seg at det på HO3 i dag ligg eit småbruk. C1 og C2 er flotte skogsområde, som Bømoløypa går rett igjennom. Partia synes difor ikkje at ein skal få lov til å byggje ned 49 mål med nydeleg blåbærfuruskog.

Sjølve leirområdet er verneverdig i hht landsverneplanen, og som me har sett på Kompani Lauritzen er dette allereide svært eigna til camping, med både køyesenger, toalett/dusj og storkjøkken. Den store plenen i området sør for leiren vart nytta under landsskytterstemnet og hadde då ca 250 camparar (personleg meddelling). I tillegg kjem den gigantiske parkeringsplassen PP2. Her kunne ein tenkte seg at det var plass til ein del bubilar og campingvogner, dersom Bømoen AS ville tilretteleggje for dette. Er ikkje dette nok?

Bømoen

Landsverneplanen utarbeid av riksantikvar og forsvaret (1995–1999) Landsverneplanen syner verneområdet som eit samanhengande areal som også omfattar terrenget ned til Raundalselva, Nye bygningar i HO2 eller HO3 er ikkje foreinleg med landsverneplanen .

KBA5, KBA6, LA2, o_VF,

Bømoen leir

Her kan du ta deg ein pause: Avgrensing av sikringssone for grunnvassforsyning (H120) – blå firkant på biletet til høgre - gjer at det i dette området sannsynlegvis ikkje vert aktuelt med større ny aktivitet. Alle dei 8 eksisterande bygga innanfor området KBA 5 er verna, og det er i utgangspunktet ikkje opna for ny utbygging. KBA 6 er omfatta av omsynssone for bevaring kulutrmiljø. LA 2 er avsett til lager. VF er vassforsyningsanlegg. Området vert berørt av omsynssone for bevaring naturmiljø, gul støysone og sikringssone for grunnvassforsyning.

#4 Råstoffutvinning

Bømoen

Ja, her kjem påskenøtta til slutt – eller kanskje er det påskekrimmen? # 4 – det andre grusuttaket – er nemleg ikkje omtala i saksframlegget til rådmannen. Ein kan lure på om det skuldast at det er kommunen sjølv som har henta ut grus her, at grusen ikkje er av så god kvalitet som ein fyrst trudde, at førekomsten er relativt liten, at området i dag vert nytta til motorsport, at det vert vanskeleg å transportere grusen vekk frå området utan å krysse Bømoløypa og diverse stiar – eller at administrasjon på dette tidspunktet ikkje orka meir. Sikkert litt slik som du har det akkurat no. Men – dette området er faktisk veldig viktig, så hald ut!

Kvifor er dette viktig? Konsekvensen for drikkevatnet ved å byggje ut dette grustaket er vurdert til å vere stor negativ. Du synes kanskje det er rart, ettersom det er langt ned til brønnane for reservevasskjelda til heradet (som du kanskje la merke til under førre punkt?). Då vil me til slutt syne deg kva fagfolk skriv om drikkevatn og vassressursane i Bømoen (henta frå KU om naturressursar):

Grunnvannet i området avsatt til reservevannforsyning fornyes særlig ved at det strømmer vann i fra Raundalselva. Ved pumping fra dette brønnområdet vil dette strømningsbildet endre seg og det er sannsynlig at det vil trekkes mer vann inn fra nord. Dette betyr at potensielt forurenset vann fra mulige grustak kan strømme inn mot brønnene. Drift av grustak medfører bruk av maskinelt utstyr som er en potensiell forurensingskilde. Tillater man grusuttak, tillater man derfor at grunnvannet kan bli forurenset.

Av prinsippiell karakter må nevnes at selv om grusressursene er regionalt viktige (merk no nedklassifisert til lokalt viktige), så er dette en begrenset ressurs. Bevarelse av en fornybar, sikker og god vann- og energikilde vil være viktig for samfunnet i lang tid.

Til slutt vonar me du har merka deg at all ny næringsverksemd i Bømoen vil føre til meir trafikk i området. Dette er grunnen til at Statens vegvesen har kome med motsegn til planen, og det er eit rekkefylgjekrav at krysset på Palmafossen må utbetrast før noko som helst kan gjerast i Bømoen. Det er ynskjeleg av omsyn til mellom anna skulen, at all trafikk istaden skal leiast ut mot aust, over Bjørke bru og forbi Bjørkemoen. Bjørke bru må isåfall utbetrast for å tole all trafikken.

Vektlegging Bømoen

Det er eit uttalt politisk ynskje i Voss herad at me skal tenkje klima og naturvern i alt me gjer, og me skal tenkje helse i alt me gjer. Difor er det vår oppfatning at eit fleirtal for SV og Ap sitt framlegg vil gjere nettopp dette.