Fleirtalet i Voss heradsstyre gav administrasjonen klar tilbakemelding om at Bømoen sin reguleringsplan skal ta omsyn til natur- og friluftsinteressene. Og vidare at luftsporten og flyplassområdet framleis skal kunna bidra til Voss som ein attraktiv stad for turisme og tilflytting.

I ettertid vart det bestemt at planforslaget skal ut på ny høyring med frist 1. september. Så no er det viktig at det administrasjonen og det politiske miljøet forstår at vedtaket ikkje skal utvatnast eller forhandlast bort.

Svært mange har engasjert seg i framtida for Bømoen. Både enkeltpersonar, lag og politiske parti har lagt ned ein stor innsats for at området skal bestå som eit samanhengande og sentrumsnært natur- og friluftsområde.
 
Voss Naturvernlag har alltid som mål å verna om naturverdiar og ta vare på mest mogleg natur. Vedteken reguleringsplan er eit kompromiss, men ein omkamp kan fort gjera resultatet verre for naturverdiane i Bømoen. Laget støttar difor vedteken reguleringsplan, men argumenterer også for endringar som går i ytterlegare favør av natur og friluftsliv. Har du merknader eller moment du meiner bør vera med i høyringsinnspelet kan du senda dette til oss.

Skriv under her!

For å leggja ekstra tyngde til høyringsinnspelet har me ein underskriftskampanje som du finn her:
https://naturvernforbundet.no/hordaland/ta-vare-pa-bomoen
 
Det er til stor hjelp om du signerer og gjerne får andre som vil ta vare på Bømoen til å gjera det same!
 
Helsing styret i Voss Naturvernlag