Bruken av Bømoen i dag:

Illustrasjonen frå den mykje brukte aktivitets-appen Strava er vist nedanfor. Raude strekar syner dei mest brukte løypene for løping og sykling. Dette kan vere eit godt bilete på bruken av Bømoen til friluftsføremål. Legg ein strekane oppå forslaget til områderegulering, så ser ein dei konfliktane som oppstår. Ein må stille seg spørsmålet om ikkje friluftslivet i Bømoen blir sterkt forringa med Bømoen AS sitt forslag til områdereguleringsplan.

Bømoen er i kommuneplanen sin arealdel, vedteken av heradsstyret i Voss, bestemt at skal vere omsynsone både for friluftsliv og naturmiljø. Dette inneber at det er viktig å unngå tiltak og inngrep som kan forringe opplevinga og bruken av området, og det skal leggast avgjerande vekt på å ivareta desse interessene.

Når heradsstyret har vedteke dette, så skal alle forhalde seg til det, både utbyggjar, administrasjon og politikarane, så lenge ikkje noko anne er vedteke. No kan ein spørje seg om både kommuneplanen og den områdereguleringa som no ligg føre i tilstrekkeleg grad gjer tek nødvendige omsyn til friluftslivet og naturmiljøet når stinettet, skogen og heilskapen blir stykka opp i bitar.

Alt Text
Eine og aleine på bakgrunn av dagens aktive turbruk av Bømoen, er det tydeleg at NÆ2, KBA9 og C2 må ut av planen, og NÆ3 må justerast sørover for at bruken av området til friluftsliv ikkje skal bli forringa.

Naturmiljøet i Bømoen

Voss heradstyre har vedteke ambisiøse planar for naturmangfald og klima i kommunedelplanen Vossaklima 2030. Her er det slått fast at arealendringar som inneber nedbygging av arealtypar og habitat er dei viktigaste trugsmåla for naturmangfaldet. Vidare arealplanlegging i Voss herad er eit viktig tema i Vossaklima 2030, og omsyn til naturmangfald vil vere viktig.

Områdereguleringa er ein stor plan, og den bør på alle punkt vurderast i høve til Vossaklima 2030. Det må skje no, og ikkje utsetjast til dei detaljreguleringane som kjem i eventuelle område heradsstyret bestemmer skal byggjast ned.

Bømoen er ein stor og viktig skog med alle sine tre, naturtypar, planter, insekt, mikroorganismar og fuglar.

Image

Store tre fungerer mykje betre enn nyplanta tre både som habitat for fulgar, dyr og insekt, men også i høve erosjon og flaum. Gamle tre treng svært mange nye tre for å erstatte økosystemtenestene som eit gamalt tre leverer. Trea blir meir og meir verdifulle jo eldre dei blir. Gamle og store tre må ein berre ta vare på.

Image

Slik «ørken» blir det når "utviklinga av Bømoen" er i gang.

Det bør setjast ein pris på alle trea som går med, og alle tiltaka i områdereguleringa bør vurderast i høve til kor mange tre som forsvinn, kva verdi dette har og konsekvensane av dette i høve til Vossaklima 2030. Det er for seint når ein kjem til detaljreguleringa.

Erfaring tilseier at altfor mange viktige avgjerder blir utsett til detaljregulering og bygging, og då er det oftast for seint.

Med til alle arealendringane og tiltaka som områdereguleringa legg legg til rette for, vil mykje skog bli borte for alltid.