Strava er ein populær treningsapp brukt av millionar av menneske verda over. Den er spesielt kjend blant syklistar og løparar. Strava gjer det mogeleg å spora og analysera treningsøkter ved hjelp av GPS-teknologi, og brukarar kan lasta opp data frå turar, løpeturar og andre aktivitetar.

Det er fasinerande å sjå kor populært og mangslunge løypenettet i Bavallen eigentleg er. Og kartet viser berre dei som har appen Strava. I tillegg er det ein del av oss som joggar og går berre for å pusta og streva...

Legg merke til kor lite effekt området på andre sida av elva har for folkehelse og trivsel!

Som ein aktiv syklist sa til oss: "For oss som har sykling som trening og hobby er det heilt spesielt at me har 30-40 km med singeltrack i fantastisk skogsterreng som vert veldig fort turt og fint!"

Bømoen har over 40 km med stiar lett tilgjengeleg i eit nettverk, og det er unikt her på Vestlandet. Hurra for allemannsretten og at denne utmarka har fått lov til å utvikla seg til eit eldorado for trening- og friluftsliv.

Strava i Bømoen
Gange og løping i Bømoen (Strava "heat map"). Lysast farge = størst aktivitet.
Strava i Bømoen
Sykling i Bømoen (Strava "heat map"). Lysast farge = størst aktivitet.
Strava i Bømoen
Ski i Bømoen (Strava "heat map"). I praksis vil det seia Bømoløypa