I Bømoen AS sitt forslag til reguleringsplan er Bømoløypa teikna inn. Det er likevel vesentlege endringar frå tidlegare.
Manglande buffersone
I kommuneplanen frå 2020 står det at Bømoløypa skal ha ei breidd på ca. 30 meter inklusiv ei buffersone. Men i Bømoen AS sitt forslag er dette vorte til «Bømoløypa tillates som turvei i inntil 10 meters bredde.» Blir dette vedtatt, er det ingen krav til buffersone. Då kan ein sjå for seg hogst, lagring av diverse, tekniske installasjonar osv. i umiddelbar nærleik av turløypa.
Vidare står det: «Løypen kan ha ulikt underlag etter avtale med grunneiere og idrett-/friluftslivsorganisasjoner.» Dette er i kontrast til kommuneplanen: «Bømoløypa skal ivaretakast som ei samanhengjande rundløype. Mindre endring av traseen kan tillatast, men på ein slik måte at tilbodet framstår med tilsvarande funksjon og kvalitet som i dag.»
At det er formulert slik frå Bømoen AS si side, kan forståast slik at dei ser for seg annan bruk i deler av løypa, eller at kravet til ei samanhengjande løype i dagens form, fell bort. Det står nemleg: "Det tillates ikke motorisert ferdsel på Bømoløypa. Unntatt fra dette er kjøring i forbindelse med vedlikehold, drift og tilsyn av løypen, øvrig eiendom, anlegg og installasjoner." Altså opnar dei opp for motorisert ferdsel i samband med det meste av det selskapet driv med, i og i nærleiken av Bømoløypa!
100-metersskog?
Tenk deg at du går ute i skogen. Køyrer det ein bil forbi 30 meter bortanfor, eller ser du ei rad med campingvogner - er du då i ein skog? Kanskje det viktigaste Bømoen kan tilby er sjølve skogen som alle kan oppleva på sitt vis. Det betyr mykje for turglede og folkehelse. Også dette står i fare.
Bømoløypa med nokre ekstra sløyfer er 11 km.
7 km av løypa har omlag 50 meter vegetasjon eller meir på begge sider.
Blir det sandtak (inkl. Kyrkjeteigen #4) og tungtransport mot Bjørke bru, forsvinn over halvparten av det ein kan kalla skogsløype.
Sterkt auka trafikk
Sjølv utan sandtak legg planen uansett opp til vesentleg auka biltrafikk i retning Bjørkemoen, for å skåna området ved Palmafossen. Då blir det mindre fred og ro i skogen i denne delen av moen i staden, og Bømoløype blir mindre attraktiv.
Blir det stor campingplass vil løypa gå kloss inntil ei campingplass seks gonger større enn Voss camping. Deretter går du over parkeringsplassen som skal vera for fleire nye hotellbygg på området. Det er lagt opp til store næringsområde og sterkt auka biltrafikk. Det blir intern trafikk inne i leirområdet og på næringsområda. Så mykje trafikk er det planlagt at Statens Vegvesen krev ny kryssløysing mot Hardangervegen. Analysen seier minst ei tredobling av dagens trafikk. Kva vil ikkje dette ha å seia for naturopplevinga og for Bømoløypa?
Delt i to
Med den planen Bømoen AS har lagt fram, blir heile Bømoen delt i to av næringsområde. Du kan ikkje bruka Bømoløypa utan å oppleva dette. Nye næringsbygg som kan vera opptil 20 meter høge, lagringsplassar, parkeringsplassar, camping og hotell. Vesentleg auka trafikk og meir trafikkareal inne i naturområda gjev meir støy og mindre skog.
Løypa ligg der som før på kartet, men verdien for brukarane minkar. Ein kan ikkje seia at forslaget til reguleringsplan ivaretek kommuneplanen som seier at Bømoløypa skal ha tilsvarande funksjon og kvalitet som i dag.
Turfoto: Anne Gjeraker/Visit Voss