Biletet: Voss herad har bygd ned store skog- og myrområde og investert mykje i infrastruktur på Istadmyrane. Her er ledig areal. I Bjørkemoen er det store grå-areal nokre steinkast frå Bømoen som er meir innlysande å bruka enn gamal skog og kjære friluftsområde i Bømoen.

Det er om lag 800 mål med ledig næringsareal i Voss herad. Til dømes på Istadmyrene, som vart regulert til næringsføremål i 1986. Der har heradet streva med å få interessentar til å etablera seg. I 2013 vart derfor ny reguleringsplan vedteken med føremål om «å leggja til rette for attraktivt industriområde tilpassa dagens trong for fleksibilitet og krav til standard».

Kommunen kjøpte opp meir areal og investerte mykje pengar i grunnarbeid; nye vegar, vatn og avløp og betre terrengtilpassing for tomtene. Men framleis har ingen kjøpt noko av dei 250 mål som lenge har vore ledige på Istadmyrane.

I Voss herad er det ledig kapasitet på opparbeidd næringsareal her:

  • Istadmyrene
  • Bjørkemoen
  • Tvildemoen
  • Skulestadmo
  • Palmafossen
  • Vangen

I tillegg kjem ledige kontor- og forretningslokale på Vangen og andre stader i bygda.

Eitt av områda i Bømoen, som Bømoen AS ser moglegheit for utvikling på, er eit areal sør for flystripa. Dette næringsarealet (i illustrasjonen til venstre for flystripa) er på 210 mål (= 30 fotballbanar).

Alt Text
Illustrasjon av Bømoen AS sin plan, utarbeidd i 2024. Laga av 3RW arkitekter

Vert dette ein realitet, øydelegg ein samtidig for dei investeringane som både private og heradet alt har gjort på furumoane, myrane og våtmarksområda som er blitt forvandla til næringsareal.

Både private og heradet tapar leigeinntekter på ledig, tilrettelagt areal. Heradet tapar i tillegg skatteinntekter frå dei private.

Me oppmodar heradsstyrerepresentantane til å ikkje øydeleggja meir natur, og heller ikkje øydeleggja for dei investeringane som alt er gjort i næringsareal, kontor, hotell og campingplassar rundt i bygda.

Alt Text
Bjørkemoen, på andre sida av elva, har svære gråareal og industriområde. Planen er tilbakeføring til grønt areal på deler av området i framtida, men naturmangfaldet og landskapskvalitetane er borte for alltid. Når nokon meiner ein kan regulera levande natur i Bømoen til næring og industri, så må ein i staden kunna omregulera eit framtidig kunstig grøntområde – som i dag er ein steinørken – til næring. Viss det viser seg å bli behov.

Tillegg

Bømoen AS opererer med fylgjande arealdisponering i planen, sjå tabell. Til saman er det planar for 108 000 kvadratmeter golvareal sør og nord for flyplassen, der aktiviteten i seg sjølv meir enn tredoblar dagens biltrafikk forbi skulen og ut i krysset ved Hardangervegen. Trafikken påverkar også sterkt Bømoløypa og all annan friluftsaktivitet frå området og inn mot Palmafossen. Les også om trafikkanalysen. At områdereguleringsplanen er med å styra samfunnsutviklinga på Voss må vera ein del av beslutningsgrunnlaget, og dette har vore lite framme i debatten til no.

Alt Text
Illustrasjon av Bømoen AS sin plan, utarbeidd i 2024. Laga av 3RW arkitekter