Biletet (frå forskning.no) viser eit elektrisk rutefly mellom Sogndal og Voss i 2032. Meir om dette lengre ned i teksten.
Industribygg, er det på Bømoen samfunnet treng dei?
Stortinget vedtok i 2016 nedlegging av den eldste militære flyplassen i landet, Kjeller flyplass ved Lillestrøm. Forsvarsbygg avhendar flyplassen i 2026, og det blir lagt planar for ein ny bydel på området. Samtidig er flyplassen på Kjeller mykje brukt av lokale flyklubbar og private småfly, og mange vil behalda småflyplassen til sivil luftfart.
Ein rapport frå Safetec syner at tryggleikskrav, turbulens og vindtilhøve vil avgrensa korleis det kan byggjast på området. Skal det framleis vera flyplass på Kjeller, må det nøye utgreiingar til for å balansera behova til både eigedomsutviklar og brukarar av flyplassen. Når Avinor sine prinsipp blir lagt til grunn skal all tenkt bygging langs rullebanen vurderast med tanke på turbulens, vindforhold og belysning.
Avinor seier i eit anna høyringssvar:
“Etablering av nye bygg/anlegg i nærområdene til rullebanen kan skape uønsket turbulens, som vil være uheldig i forhold til flysikkerheten. Størrelsen og plassering av tiltakene vil være avgjørende med hensyn til turbulenspåvirkning for rullebanen. Erfaring fra tilsvarende problemstillinger, og de vurderinger som er gjort, tilsier at større bygg/anlegg mv. ikke bør ha en høyde over eksisterende terreng som er større enn 1/35 av avstanden til rullebanens senterlinje eller forlengede senterlinje. Dersom denne høyden overskrides, må tiltaket vurderes mht. turbulenseffekter, eventuelt ved hjelp av en turbulensanalyse. En slik vurdering vil ta hensyn til tiltakets utforming, lokale vindforhold (vindretning og styrke, samt turbulensintensitet), vanlig banebruk, hvor turbulens kan inntreffe, hvilke flytyper som kan bli påvirket, hvilken fase i avgang/landing kan bli påvirket, hvor ofte problemet kan oppstå, risiko for personell og materiell etc.”
Kva betyr Bømoen AS sine planar for ein flyplass på Voss
Omsynet til flytrafikk set altså avgrensingar for byggehøgder rundt rullebanen. Skal Voss i framtida ha ein fullverdig og funksjonell flyplass, gjeld dei same reglane på Bømoen.
På Bømoen AS sitt forslag til reguleringsplan er byggegrensa frå senterlinja på rullebanen sett til 20 meter, og bakkant av området langs rullebana er 40 meter frå senterlinja. Det seier seg sjølv at den byggjehøgda Bømoen AS ser for seg i nærområdet til flystripa, ikkje let seg kombinera med trygg flyplassdrift. I praksis kan det ikkje vera bygningar der i det heile.
På Kjeller presiserer Safetec at tryggleikssoner rundt rullebanen må vera fri for alle hinder, med spesifikke krav til avstand, og ikkje vera opne for normal ferdsel utan risikovurdering og tiltak for varsling og sperringar.

Er det utopisk med ein framtidig "Voss flyplass – Bømoen"?
Verdien av Bømoen flyplass er veldokumentert for luftsportsmiljøet og Ekstremsportveko, og for mange gjer det Voss meir attraktivt som ein stad å bu eller å besøkja. Men kva er framtida for ein småflyplass for oss andre som ikkje har luftsport som hobby eller levebrød. Ein artikkel i Forskning.no har spennande vyer for korleis småflyplassar blir viktige i framtida.
«Denne gamle militære ekserserplassen er i dag bare en småflyplass. Den var i ferd med å bli lagt ned som flyplass i 2013. Grunneieren hadde andre planer for området, men kommunen fikk feste flyplassen videre.
I dag blir Voss flyplass Bømoen brukt av småfly og til annen luftsport, fallskjermhopping og seilflyging. I framtida kan flyplasser som denne bli gull verd for lokalsamfunn som får rask og bynær forbindelse med andre småflyplasser med elektriske fly.»
I artikkelen på forskning.no får me eit praktisk og konkret døme på ei 15 minutts reise frå Sogndal til Voss, 15 år fram i tid. På autopilot...
Elektriske fly vil bli eit klimavenleg alternativ som kan bruka korte rullebanar og i tillegg redusera kostnader knytt til drivstoff og vedlikehald. Den raske teknologiske utviklinga innan batteriteknologi og elektromotorar gjer dette mogeleg.
Elektriske fly vil også vera mykje stillare enn tradisjonelle fly, noko som reduserer støyproblema rundt flyplassen. Utviklinga av batteriteknologi er ein av dei største utfordringane for elektriske fly. Fleire selskap jobbar med dette, og det er optimisme rundt dei framskritta som blir gjort. Mange har trua på at elektriske fly innan 15 år vil vera ein vanleg del av luftfarten, spesielt for korte og mellomlange distansar.
Les òg:
NRK: Regjeringen vil åpne for elektriske fly på kortbanenettet allerede fra 2024
Vestland fylkeskommune: Elfly Bergen - Førde: - Dette vil bli ein revolusjon
Transportøkonomisk Institutt: Norge – ideelt for elfly

