Vossaklima 2030, kommunedelplan for klima, klimatilpassing og grøn omstilling vart vedteken i Heradsstyret 17. november 2022. I føreordet, signert av ordførar og rådmann, står det m.a.:

«I gjennomføringa skal me ta vare på det me er glade i. Me skal ta vare på naturen vår og me skal ta vare på kvarandre. Me skal byggja kompetanse slik at alle er rusta til å skapa eit framtidig lågutsleppssamfunn. Kommunedelplanen Vossaklima 2030 er eit dokument med ord, men orda skal gjerast til handling i åra som kjem.»

No kan me vel seia at dei åra er komne?

Vegane tek areal

Så lat oss ta eit døme;
Reguleringsplanen, som inkluderer både industri- og næringsareal og hotell og camping, utløyser krav om utvida vegareal og fortau. For all denne planlagde aktiviteten inne i Bømoen vil utløysa auka biltrafikk og tungtransport. Trafikken må gå gjennom eller inntil dei områda som udiskutabelt er natur- og friluftsområde i både arealplan og forslag til reguleringsplan. Til saman vert det omlag 6000 kvadratmeter.

Voss sin vedtekne kommunedelplan listar opp under

"Satsingsområde 4: Naturen som karbonlager

Kva skal me gjera:

  • Få på plass eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om karbonrike område, viktige naturtypar og artsmangfald.
  • Sikra at all framtidig arealutbygging i Voss herad som eit minimum er arealnøytral
  • Unngå omdisponering og nedbygging av areal med høg karbonlagring, og sikra god forvaltning av skog, myr og dyrkbar mark.
  • Ta i bruk beste tilgjengelege kunnskapsgrunnlag i arealforvaltinga, som utsleppsrekneskap for skog, myr og dyrkbar mark."

Er konklusjonen då at det skal restaurerast 6000 kvadratmeter skog f. eks. på den gamle flystripa? 

Dette restaurerte arealet vil kunna vera heimen for

  • 1 000 tre
  • 6 000 busker
  • 60 000 urter og bregner
  • 90 000 sopp
  • 1 800 000 insekt

og dermed nokre hundre fuglar, pinnsvin, mus – og eit økosystem som hjelper Voss herad i å nå klimamåla.

Eller blir det berre ord og ingen handling frå Voss herad, i omsynssona for naturmiljø?

Alt Text
Kjelde Miljødirektoratet: Presentasjon av tiltakshierarkiet. Først og fremst skal man unngå skadevirkninger på miljø og klima. Der det ikke er mulig skal man begrense skaden, deretter istandsette arealer.

Les om arealnøytralitet, arealplan-hierarkiet og naturpositiv omstilling i Store Norske Leksikon.

 

Miljødirektoratet si handbok i arealplanlegging:

  • Miljøomnsyn i arealplanlegging
  • Generell rettleiing om arealplanlegging
  • Konsekvensutgreiing av klima og miljø