I slutten av siste istid for 11 000 år sidan smelta breane og danna enorme elvar av smeltevatn. Dagens flaumstore elvar på Voss er småtteri til samanlikning. Under breen grov vatnet med seg stein og sediment som vart ført med smeltevatnet ut i fjorden eller havet. For 20 000 år sidan var isen over Noreg opp til 3000 meter tjukk og pressa landmassane ned. Då isen trekte seg tilbake gjekk fjorden dermed langt inn, men ikkje heilt til Palmafossen. Tenk deg at brefronten var ein stad i Raundalen, og elva sette av steinmassan på ei stor slette. På Island er slike sletter vanlege og me brukar eit islandsk namn på fenomenet; ein "sandur". Bømoen og Bjørkemoen er dermed ein sandur, den største i vår region.

Sandur
Ein islandsk "sandur". Med sine isbrear har Island mange slike. Ein sandur skapte Bømoen.

Inne i denne sanduren låg det att ein bit av isbreen. Denne svære klumpen var dekka av sand og grus, og det tok lang tid før den smelta. Men då det skjedde, vart det danna ei grop som vart liggjande under grunnvatnet. Restane av denne gropa er det me i dag kjenner som Ostjørni, eit levande døme frå tida som skapte dei store landskapslinjene i heradet vårt. Eit naturfenomen som no er pressa frå alle kantar av det som skjer i Bømoen.

Sandur

Ostjørni har ein uvanleg geologisk bakgrunn, og det finst ikkje mange av dette slaget. Området rundt er verna av ei eiga sone som dessverre ikkje alle tek omsyn til. Foto: DigitaltMuseum / Inge Aarseth

Under breen var det smeltevasstunellar som danna eigne åsar av grus og rullestein. Tunshovden og Leikeshovden i Bømoen er bygd opp av massar som vart lagt att slik, før breen trekte seg attende.

I tusenåra som fylgde vaks det furuskog på alle desse moane som har prega landskapet på Voss. No er det nesten berre Bømoen att. I reguleringsplanen står det "fattig furuskog". Kanskje er skogen fattig sett frå ein investor si side, men skogen er rik på historie og rik på opplevingar.

Den siste store furumoen

Å sjå utover ein stor skog som Bømoen er storslege og roande på same tid. Å vita at ein kan gå inn der og kanskje gløyma verda utanfor. Eller finna dei små perlene av natur mellom alle trea. Å kunna bruka alle sansane. Reguleringsplanen truar dessverre alt dette. Det er å håpa at mange nok ser og forstår verdien av å ta vare på Bømoen som døme på denne typen natur. Slik at komande generasjonar kan sjå landskapet, forstå samanhengane, og leva i og med naturen.

Då må det ikkje opnast opp for 20 meter høge bygg, hotell, campingplass seks gonger større enn Voss camping osv. Sjå utdrag frå reguleringsføresegnene.

Sandur

Planen legg til rette for 20 meter høgt hotell ved Raundalselva. Utbyggingsgrad er 40 % i dette feltet og dermed kan bygget bli dobbelt så breitt som dette. (Inn til vegen inn mot Tunshovden)

Sandur

Campingplassen har eit areal 6 gonger større enn Voss Camping. I trafikkutgreiinga beskriv Bømoen AS primært langtidsplassar (campingvogner) og Bømoløypa går tett inntil plassen og den store parkeringsplassen.

Sandur

Forslaget til områdereguleringsplan tek ingen omsyn til det visuelle inntrykket for kringliggjande friluftsområde. Opp til 20 m høge bygningar ruvar i skogen. (Voss Tekniske Verkstad er 13,5 m høg)

7.6. Hotell/overnatting i Indre leir, HO

I feltene HO1-3 tillates hotell / og bygg for overnatting med tilhørende tilkomstveier og uteområder.

Nytt hotellbygg på HO3 skal ha en høyde på minimum 3 etasjer og maksimum 5 etasjer. Maks tillatt byggehøyde er 20 meter over gjennomsnittlig planert terreng. Maks tillatt utnyttingsgrad er %BYA=40%.

I felt HO3 tillates både overflate- og kjellerparkering. Parkeringsbehov til ansatte og gjester i HO3 skal hovedsakelig dekkes innad i feltet. Ved behov kan f_PP1-2 benyttes.

7.11.6 Industribygg

KBA9 tillates det etablert kontor, industri, lager, herunder verksted og garasjer. Parkering skal løses innenfor feltet. Utendørs lagring er tillatt. Maks tillatt byggehøyde er 20 m fra gjennomsnittlig planert terreng, og maks tillatt utnyttingsgrad er %BYA=60 %. Det er krav til detaljregulering. Mindre utbygging / tiltak knyttet til eksisterende virksomhet og allerede utbygd område er unntatt plankrav.