Skal me verkeleg gjera feil nr. 2 fordi me alt har gjort feil nr. 1? 

Av Ida Blomhoff Pedersen
heimflytta, stolt vossing

Eg vert opprørt over diskusjonar som vert svart-kvit og på eit nivå som ikkje gagnar noko eller nokon. Verda er meir enn 50 gråtonar, og me klarar tenka to tankar på ein gong. Dette er ikkje ei enkel sak, det er det aldri når mange omsyn skal avvegast og innsatsen er høg. Men det er frykteleg vanskeleg å ha ein sakleg, fruktbar og tillitsvekkande diskusjon, om ein ikkje har eit felles utgangspunkt.

Det må vera ein premiss for denne diskusjonen at Bømoen faktisk er eit unikt nærnaturområde, at den er særs viktig for folkehelsa (heradets satsingsområde: «inkluderande Voss – bygd for alle»), at den husar ekstremsport som er sentral i bygging av merkevare og omdømme (heradets satsingsområde: «attraktive Voss – bygd for sterke opplevingar»), at Bømoen og andre liknande særtrekk ved bygda bidrar til at bygda er viden kjend, å auka turisme og tilflytting, å bygga sterk identitet, osb. For meg er dette fakta, ikkje noko ein treng diskutere om ein er einig i eller ei. Det berre er slik.

Og då blir det òg slik at dei som foreslår, dei som innstiller på og dei som ynskjer stemma for næringsutvikling gitt premissen beskrive over, må presentera saklege, reelle argument, forankra i overordna visjonar, verdiar og planar, for at ein likevel meiner det er rett og naudsynt å ofra naturen for næring. Dette har eg sakna i ordskiftet.

Etter å ha fylgt debatten siste tida sit eg att med mange kjensler, men òg manglande tillit. Manglande tillit til Bømoen AS, til prosessen og diskusjonen. Mogleg dette byggjer på for lite kunnskap og innsikt, men det er òg noko av problemet. Og eg fryktar resultatet etter røystinga torsdag og er redd for korleis Bømoen ser ut neste sommar.

Skogen gjev

Som fleire har sagt – dette er den viktigaste saka på Voss på lang tid. Og spørsmåla den tek opp inngår i ein større samanheng, regionalt, nasjonalt, globalt, når det gjeld å ta vare på naturen og mangfaldet vårt. Har me råd til å ha dårleg tid? Når så mykje står på spel for så mange? Slik saka har utvikla seg meiner eg me sit att med to val

  1. Stemme for alternativet til AP og SV - om ikkje anna så basert på føre var-prinsippet
  2. Utsetje saka - for å sikra ein open og transparent diskusjon, sikra at alle alternativ er tilstrekkeleg konsekvensvurdert, få alle fakta på bordet, få lufta ut alle skjelett i skapet, få kontroll på ryktebørsen og spekulasjonar, få avklart eventuelle bindingar og utanforliggande omsyn

Lykke til på torsdag! Hugs – vend i tide, det er ingen skam å snu, men det er for seint å angra på fredag.