Biletet viser (A) sti i gamal naturskog i Bømoen og (B) kor gale det går når hogstmaskiner og "ressursutvikling" får rå i det same området. Så er spørsmålet, kva er den største ressursen for Voss?

Frå Voss herad sin nye temaplan om naturmangfald, publisert mai 2024:

"Nærnatur er det viktigaste ein kommune kan tilby sine innbyggjarar. Undersøkingar viser at grøne område 200-500 meter frå bustad eller arbeid er optimalt for at områda skal få funksjon som nærnatur i kvardagen (Regjeringen, 2021). Dette gjeld særleg for barnehagar og born som leikar mest i nærområde. Det er 19 barnehagar og 11 skular i Voss som i hovudsak brukar nærnatur. Helsedirektoratet viser til at gode uteareal bidreg til trivsel mellom elevar. I tillegg har kvaliteten på nærnaturen noko å seia. Natur som gjev naturopplevingar av høg kvalitet i nærleiken til der Vossingane bur har mest tyding. Turløypene i Prestegardsmoen og Bømoen er gode døme på viktige turområde i nærmiljøet med mange brukarar. Turstiar i fjellet er mykje brukt, og stølsområde er viktig for innbyggjarane i Voss. Det har kome eit innspel om at eksisterande stiar bør takast vare på i staden for å etablere nye. Turstiar ved Myrkdalen over Svolefjellet og mellom Hiuri og Myrkdalsvannet og mellom Tveitastølen og Skjervheimsstølen er kjempefine stiar som gjev gode naturopplevingar, men som er i ferd med å forsvinne. 

Det er ein samanheng mellom gamalskog og gode naturopplevingar. I samband med medverknad til planen blei Brandsetdalen med gamal furuskog nemnt som ein viktig kjelde til naturopplevingar. Voss har utarbeidd ein sti- og løypeplan som ein temaplan (Voss herad, 2020), og viktige friluftsområde er blitt kartlagt og verdsett i kommunen og finst som eigne kartlag. I ny kommuneplan for Voss herad (2020-2032) heiter det mellom anna: 

Voss skal vera (ei) bygd for sterke opplevingar. I heradet skal ein kunna få sterke og gode opplevingar i naturen, i kulturlivet, på skulen eller i omsorgstenestene. Å sikra verneverdig natur og kulturmiljø i heradet vil vera viktig for folkehelse og livskvalitet, men og for ny nærings- og reiselivutvikling."

Gamalskog og fuglekvitter: Denne videoen fekk me inn i dag 21. mai frå Christer Økland.