Når lokalpolitikarane skal ta stilling til planforslaget, vil dei knapt ha eit tydeleg bilde av korleis området vil opplevast. Fugleperspektiv og kart er vanleg å bruka i plansaker, men dette er ikkje ei daglegdags reguleringssak. Det er framtida til den siste store furumoen i regionen det står om. Det er på bakken, langs elva, i skogen, på stien og i nabolaget Bømoen skal sjåast og opplevast av vossingar og tilreisande.
Eit mykje brukt honnørord gjennom heile planen er "utvikling". Til og med Raundalselva har rom for forbetring og utvikling, i fylgje forslagsstillarane: – "Elva er i dag i liten grad tilrettelagt og fasilitert for å ta i bruk disse naturkvalitetene." Dei som i dag er glade i å bruka Bømoen til tur og friluftsliv, eller elskar å bada eller padla i elva, er ikkje ute etter "fasilitering". Det er nettopp kjensla av urørt og fri natur som viktig. Det er viktig no, det er endå meir viktig om 20 eller 50 år. Viss skogen i framtida skulle bli ein park (eller ein "aktivitetsskog" som det står i planen) med industribygg, tungtransport og installasjonar innimellom - så er det eit stort tap for komande generasjonar.
Grunneigarane visste godt at Bømoen ikkje var eit ei næringstomt eller industriområde då dei kjøpte eigedomen. Brorparten av området er regulert som natur- og friluftsområde, og historikken er òg spesiell. Etter vårt syn har dei ikkje krav på at samfunnet omklassifiserer noko som helst av det som i dag er fri natur. Heller ikkje om ein brukar fine ord som utvikling eller ressursutnytting. Den største ressursen for Voss er at me har eit slikt eineståande og samanhengjande skogsområde nær sentrum. Det er berre å sjå på det svært omfattande stinettet for å forstå kva betydning Bømoen har for folkehelsa.
I tillegg kjem dei reine naturverdiane som no står i fare. Noreg har gjennom avtale med FN forplikta seg i naturavtalen der målet er 30 % vern av landareal. Voss har under 6 % vern. Eit viktig poeng er at ulike typar landskap og økosystem er representerte i dei urørte områda. Voss hadde før mange furumoar. Dette er den siste store moen, og no er kvalitetane til området i fare.
Det blir skrive at Bømoløypa i stor grad kan vidareførast i planen. Men ei slik løype utan skog er ikkje lenger ei naturoppleving.
Naturvernlaget ser med uro på at det skal takast ut sand- og steinmassar og at tungtransport skal frakta desse ut av området. Det betyr støy i nærområda og under transport, og det betyr at friområdet og badeplassen ved Bjørke blir sterkt forringa. Går transporten andre vegen mot Palmafossen er det andre som får ulempene, m.a. skulen. Mange av desse ulempene for naboar gjeld forøvrig for alt av ny aktivitet på Bømoen.
Heradet må vurdera om det verkeleg trengst masseuttak i Bømoen, all den tid at det finst andre eksisterande uttak som ikkje er avvikla, og at t.d. K5 vil avla eit stor overskot av massar i regionen.
Bømoen er viktig for aktivitetsbygda Voss. Skogen gjev besøkande eit heilt anna inntrykk enn eit "utvikla" industri- og næringsområde. Tilreisande i luftsportsmiljøet og i elvesporten er svært gode ambassadørar for Voss, og skaffar bygda attraktive tilflyttarar. Bømoen er ein viktig del av "totalpakka" Voss som skapar engasjement og bulyst. Like viktig er turområdet for dei som ikkje er like ekstreme, alt frå småungar på sykkel til pensjonisten med stav, eller småbarnsfamilien på sundagstur. Alle søkjer lett tilgjengelege naturopplevingar, og desse står no i fare for å verta sterkt forringa.
Som sagt er planen full av døme på naturkvalitetar, utan at det er sagt korleis desse vert påverka av naboskap til eit industri- og næringsområde. Respekten for naturen har ein ingen garanti for. Eksempelvis er tjørna i Bømoen omtala som lokalt viktig i planen, men utbyggar har nyleg vist manglande respekt og forståing for verdien av tjørna.
Me saknar omtale av økologi i planen, og ser med stor uro på at området er i ferd med å verta fragmentert og visuelt forringa.
Bømoen er for viktig for naturmangfaldet på Voss. Voss naturvernlag meiner at områda som er urørte natur- og friluftsområde ikkje skal rørast. Det er nok område som alt er bygd ned der ein kan driva næring.