Då saka om ny reguleringsplan for Bømoen var ute på høyring, kom det inn over 400 innspel. Vossingane har gitt våre politikarar tydeleg beskjed om at me ønskjer å ta vare på det som er att av natur i Bømoen.

Men som vanleg når det er planlagt utbygging og «utvikling», er naturen den store taparen. No er det tid for mobilisering!
 
Me står i fare for å miste endå meir av den kjære nærnaturen vår, og me må samle alle gode krefter for å bevare skogen - for oss og for borna våre. 
 
Før sommaren kjem truleg ny reguleringsplan for Bømoen opp til behandling i heradsstyret. I gjeldande kommuneplan ligg det meste av Bømoen i omsynssoner for natur og friluftsliv. Men no er deler av denne sona føreslått som næringsområde med store næringsbygg, skjemmande grustak, campingplass osv. Bømoen vil ikkje lenger vere fri natur, men berre eit oppstykka og usamanhengande område utan dei kvalitetane som fremjar friluftsliv, turglede og levande økosystem. Me vil samle alle gode krefter for å stoppe politikarane i å vedta ein plan som set næringsinteresser og profitt framfor natur og ålmenta og framtidige generasjonar sine interesser.
 
Bømoen må for all framtid vere eit lett tilgjengeleg naturområde – for store og små vossingar, og for alle andre krabatar som lever i skogen! Dette kan politikarane våre sikre i reguleringsplanen.