Områdereguleringsplanen for Bømoen skal no opp til politisk behandling i formannskapet 6. juni og heradsstyret 13. juni. Administrasjonen gjorde sakspapira offentleg 24. mai.

Planen har stor allmenn interesse og er avgjerande for å bestemma overordna arealbruk og føringar på Bømoen. Etter høyring og offentleg ettersyn i 2023 kom det inn 418 innspel, noko som viser stort engasjement. Administrasjonen skriv at planen balanserer omsynet til friluftsliv, naturressursar, kulturminne og utviklingsbehov, og viktige område som drikkevasskjelde og kulturminne er sikra med omsynssoner og føresegner.

Mange endringar er gjort etter høyringa, inkludert vegsystem, næringsareal, flyplassikring og omsyn til drikkevasskjelde. Det er framleis usemje om tre område: Næringsområde nord (NÆ1), lufthamnføremål sør-aust (LHA2) og masseuttak nordaust (#3). Rådmannen føreslår å fjerne desse områda frå planen og uttalar at planen er basert på eit breitt kunnskapsgrunnlag og reflekterer dagens og framtida sine behov.

Dokumenta (28 stk) er tilgjengelege på Møteplan - Voss herad.

Er du ein av dei mange som er uroa for Bømoen si framtid, bør du lesa i sakspapira - eller koma innom denne nettsida igjen, etterkvart som me får sett på konsekvensane av det endelege forslaget.