Illustrasjonen ovanfor viser kva område som er planlagt som område for natur og friluftsliv. Mørk farge er omsynssone, svart er Bømoløypa, rosa farge ved flyplassen er masseuttak (#3) som rådmannen tilrår skal ut av planen og framleis vera natur- og friluftsområde. Det andre rosa området er Kyrkjeteigen der det pågår masseuttak sjølv om området er definert som omsynssone for natur og friluft. Det ein legg merke til er kor fragmentert og oppdelt skogen vil bli når industri og camping deler området i to. Sjå stort bilete.
Planen legg føringar for arealbruk på Bømoen som vist på plankart i målestokk 1:5000.
Her får du forenkla versjon av reguleringsbestemmelsane:
Reguleringsformål
Bygg og anlegg
- Bustadbygging (BF)
- Offentleg eller privat tenesteyting (T)
- Campingplass (C1-2)
- Næringsbygg (NÆ1-2)
- Hotell/overnatting (HO1-3)
- Lager (LA1-2)
- Idrettsanlegg (IDR)
- Andre idrettsanlegg (AI1-2)
- Vassforsyningsanlegg (VF)
- Kombinert bygg og anlegg (KBA1-10)
Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
- Veg (V1-13)
- Køyreveg (KV1-5)
- Fortau (FO1-9)
- Gang-/sykkelveg (GS1-2)
- Annan veggrunn – tekniske anlegg (AVT1-2)
- Annan veggrunn – grøntareal (AVG)
- Lufthamn (LHA1-2)
- Kollektivhaldeplass (KH)
- Parkeringsplassar (PP1-2)
Grønnstruktur
- Blågrønnstruktur (BG1-2)
- Turveg (TV)
- Park (PA1-2)
- Vegetasjonsskjerm (VS)
Landbruks-, natur- og friluftsområde
- Landbruksformål (L)
- Friluftsformål (FL)
Bruk og vern av sjø og vassdrag
- Naturområde i sjø og vassdrag (NSVS1-4)
Omsynssoner
- Område for grunnvassforsyning (H120)
- Byggeforbod rundt veg, bane og flyplass (H130)
- Frisikt (H140)
- Raud støysone (H210)
- Gul støysone (H220)
- Aktsemdsområde for ras- og skredfare (H310)
- Aktsemdsområde for flaumfare (H320)
- Brann-/eksplosjonsfare (H350)
- Forureining (H390)
- Bevaring naturmiljø (H560)
- Bevaring kulturmiljø (H570)
- Bandlegging etter kulturminnelova (H730)
Avgjerdsområde
- Vilkår for bruk av areal, bygningar og anlegg (Avgjerdsområde #1-5)
Plankrav
Krav om detaljregulering
- Detaljreguleringsplanar vert kravd for fleire felt før løyve til tiltak.
Krav ved detaljregulering
- Planar må vise korleis dei påverkar friluftsliv, forureining, flaum, energi, fortau, støy, støv, trafikk og kvikkleire.
Dokumentasjonskrav
- Det blir kravd dokumentasjon for tiltak i område utan detaljregulering, inkludert tekniske planar, parkeringsløysingar, anleggsplanar og miljøoppfølgingsprogram.
Eigarform
Offentlege arealformål
- Fleire felt er sett av til offentleg bruk, inkludert tenesteyting, vassforsyning, fortau, kollektivhaldeplass og vegar.
Felles arealformål
- Felles vegar og parkeringsplassar er fordelte på ulike formål og felt.
Fellesføresegner
- Reglar for byggegrenser, utnytting, byggehøgder, naturinngrep, aktsemd, tryggleik og teknisk infrastruktur.
Bygningar og anlegg
Fellesføresegner
- Energi: Solfangarar og energiproduserande einingar er lov på tak og fasadar.
- Parkering: Spesifikke krav for bil- og sykkelparkering, inkludert tilpassing for rørslehemma og ladepunkt for elbil.
Detaljar for spesifikke formål
- Bustadbygging (BF): Feltet er ferdig utbygd.
- Offentleg tenesteyting (T): Krev detaljregulering før nye tiltak.
- Campingplassar (C1-2): Krev felles detaljreguleringsplan.
- Næringsbygg (NÆ1-2): Krev detaljregulering, med unntak for mindre utbygging i NÆ2.
- Hotell/overnatting (HO): Spesifikke krav til byggehøgde og utnytting.
- Lager (LA1-2): Krev detaljregulering, spesifikke krav for utforming og bruk.
- Idrettsanlegg (IDR): Krev detaljregulering, omsyn til friluftsverdiar.
- Andre idrettsanlegg (AI1-2): Tillèt nødvendige infrastrukturtiltak.
- Vassforsyningsanlegg (VF): Spesifikke krav til byggehøgde og utnytting.
- Kombinert bygg og anlegg (KBA1-10): Spesifikke krav til utforming, utnytting og omsyn til flyplassdrift og støy.
Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur
Fellesføresegner
- Nye vegar, køyrevegar, fortau og gang- og sykkelvegar skal utformast som vist i plankartet.
- Prinsipp i Håndbok N100 skal leggast til grunn.
- Nye vegprosjekt skal detaljprosjekterast og godkjennast.
- Avkøyrsler visast med piler på plankartet, endeleg plassering avklarast i detaljreguleringsplanar.
- Nye avkøyrsler skal ha fri sikt i henhald til Håndbok N100.
- Mindre justeringar mellom samferdselsformål tillatast ved behov.
- Nye vegar skal fungere som branngater med grøfter som hindrar brannspreiing.
- Nye kryssløysingar mellom Bømoløypa og veg skal opparbeidast trygt.
- Bommar skal sikra at tungtrafikk blir ført austover over Bjørke bru.
- Gjennomføringsavtalar kan inngåast for å sikra gjennomføring av tiltak.
- Ved ny eller oppgradert Bjørke bru skal støy og støv avgrensast med tett rekkverk.
Kollektivhaldeplass
- Kollektivhaldeplassen skal opparbeidast etter Statens Vegvesens håndbøker og Skyss sine krav.
Annan veggrunn – teknisk anlegg
- Bjørke bru kan opprustast eller utvidast med nødvendig infrastruktur som gjerde og grøfter. Arbeid skal ta omsyn til friluftsliv og naturmangfald.
Annan veggrunn – grøntareal
- Areala skal vera grøne, med høve til murar, gjerde, veglys og tekniske installasjonar. Områda kan brukast til fordrøyingstiltak av overvatn.
Parkeringsplassar
- PP1 og PP2 er for tilsette, besøkande og gjester, inkludert nytt hotell på HO3, friluftsområde, Bømoløypa, Raundalselva og campingområda C1 og C2. PP1 kan òg brukast til utandørsarrangement.
Lufthamn
- LHA1-2 tillèt bygg og infrastruktur for flysport og taxiflyging. Brannvatn skal vere tilgjengeleg, og internvegar skal vere asfalterte for å handtere lekkasje av farlege stoff.
- LHA1 tillèt berre nødvendige flyoperative innretningar.
- LHA2 tillèt bygg og anlegg knytt til flyplassdrift, med maks byggehøgde på 12 m og utnyttingsgrad på 50%.
Grønnstruktur
Fellesføresegner
- Skilting og informasjon ved turvegar og kulturminner skal etablerast, og stadbundne artar skal brukast ved beplanting.
Blågrønnstruktur
- BG1 er tryggleikssone til rullebana og skal vera grøn og utan hinder. BG2 kan ha jordvoll eller tilsvarande for tryggleik.
Turveg
- Bømoløypa skal vere open for allmenn ferdsel med inntil 10 meters breidde, utan motorisert ferdsel (unnateke vedlikehald). Eventuelle omleggingar skal skje i samarbeid med friluftsorganisasjonar.
Park
- PA1-2 er allment tilgjengelege parkareal.
Vegetasjonsskjerm
- VS skal til ei kvar tid vere tett beplanta, med høve til gjerde, grøfter og veglys.
Landbruks-, natur- og friluftsformål
Landbruksformål
- Felt L er eksisterende landbruksareal.
Friluftsformål
- Felta FL er for friluftsformål med tilrettelegging for friluftsliv, fysisk aktivitet og rekreasjon. Flatehogst er ikkje lov, men plukkhogst er tillatt.
Bruk og vern av vassdrag
Naturområde i sjø og vassdrag
- NSVS1-4 er naturområde med avgrensingar på tiltak som kan endre vassføring eller landskapskarakter, eller hindre friluftsaktivitetar.
Omsynssoner
Sikringssone for grunnvassforsyning
- I sone H120 er tiltak som påverkar grunnvasskvaliteten forbode. Tiltak skal ha system for overvaking av grunnvasskvalitet.
Byggeforbod rundt veg, bane og flyplass
- Område innanfor sone H130 skal vere hinderfritt med jamn og plan overgang til rullebana.
Frisikt
- I frisiktsonene H140 skal det alltid vere fri sikt.
Støysoner
- H220 og H210 er høvesvis gul og raud støysone for flystøy.
Faresone
- H310: Ingen tiltak før kvikkleirefare er avklara.
- H320: Ingen tiltak før flaumfare er avklara.
- H350: Ingen tiltak før eksplosjonsfare er undersøkt.
- H390: Vurdering av forureina grunn skal følgje gjeldande rettleiarar.
Sone med særlege omsyn - bevaring naturmiljø
- H560: Avgrensingar på inngrep i terreng og vegetasjon, med unntak for oppgradering av Bjørke bru.
Sone med særlege omsyn - bevaring kulturmiljø
- H570: Avgrensingar på inngrep, med løyve for å reetablera historisk leirstruktur og skilting om kulturminneverdiar.
Bandleggingssone
- Gravhaugane og mellomaldervegar skal vernast mot terrenginngrep og visast med skilting.
Avgjerdsområde
Hinderflater for flyplassen
- Bygg og anlegg rundt flyplassen må følgja bestemte høgdeavgrensingar på grunn av tryggleikssonene kalla hinderflater, som er skildra i bestemmelsesområda #1 og #2
Råstoffutvinning
- Områda #3-#4 tillèt uttak, lagring, transport og produksjon av pukk, grus, sand og singel. Områda skal tilbakeførast til friluftsformål etter endt drift.
Drivhus
- Område #5 tillèt drivhus/veksthus på inntil 100 m².
Rekkefølgjekrav
Felles
- Rekkefølgekrav der tiltaket skal vera "sikra opparbeidd", er rekna som oppfylt dersom utbyggjar har avtale med heradet og betalar heradet for at dei seinare skal ta seg av gjennomføringa.
Før igangsettingsløyve
- Brannsikring av eksisterande leirbygg, vassforsyning og avløp, og utbetring av trafikkapasitet ved Rv. 13 og Fylkesveg 5386 vert kravd før nye tiltak vert tillatt.
Før bruksløyve
- Opparbeiding av veg, kryssløysingar, brannhydrantar, gang- og sykkelveg og skilting om natur- og kulturverdiar vert kravd før bruksløyve vert gjeve.
Før produksjonsstart av råstoffutvinning
- Overvakingssystem for grunnvatn og sikring av Bømoløypa blir kravd. Sikre kryssløysingar for trafikk til og frå felta skal opparbeidast.