FOTO: Det er stor spenning om kva som skjer med Bømoen når områdereguleringsplanen skal vedtakast. John Eirik Laupsa, generalsekretær i Norges Luftsportforbund, meiner planforslaget gjev auka støymengde og dårlegare flytryggleik. Foto: Kristian Laupsa/Morgan Mackey
22.09.2023
– Me ventar alvorlege ulukker dersom området blir bygd ned
Områdereguleringsplan for Bømoen engasjerer uvanleg mange. I alt kom over 400 innspel innan høyringsfristen. – Me har aldri opplevd liknande engasjement. Me har aldri vore i nærleiken av så mange innspel i ein høyringsrunde. Det kom mange sist Bømoen var oppe og under arbeidet med sentrumsplanen, men no er det langt fleire, seier leiar for planavdelinga Berit Marie Galaaen i Voss herad.
Sist områdereguleringsplanen for Bømoen var oppe, kom det inn vel 150 innspel.
– Etter å ha luka bort nokre dobbeltnoteringar sit me no igjen med om lag 420 innspel.
Målet til Voss herad har vore å vedta den endelege planen i desember. Dette vil seia at den store saka om Bømoen truleg vert ei av dei fyrste som det nye Voss heradsstyre får opp til handsaming.
– Eg kan ikkje uttala meg om heradet klarar å få planen vedteken i desember, seier Galaaen.
"Landingar i bygningsvegger fører årleg til dødsulukker i fallskjermaktivitet andre stader i verda"
- John Eirik Laupsa

"Ventar alvorlege ulukker"
Planforslaget tar utgangspunkt i krava som gjeld i forskrift om utforming av småflyplassar. Noregs Luftsportforbund meiner likevel at føreslått arealbruk vil medføra auka tryggleiksrisiko for luftsportsaktivitetar på Bømoen.
– Dersom området NÆ2 vert omregulert til næring, vil skogsarealet forsvinna. I tillegg til mange andre positive effektar fungerer skogen som ein ekstra tryggleik for luftsportsutøvarane på Bømoen. Fallskjermhopparar flyr dagleg over dette området, og det vil medføra vesentleg auka risiko ved naudlandingar i utbygt område i motsetnad til å landa i tre/skog. Landingar her skjer med jamne mellomrom, og miljøet ventar alvorlege ulukker dersom området blir bygd ned. Landingar i bygningsvegger fører årleg til dødsulukker i fallskjermaktivitet andre stader i verda, skriv generalsekretær John Eirik Laupsa.
Han meiner planforslaget innbyr til vesentleg støyproblematikk. Dersom ein tek vekk skogen på nordsida, vil støyplaga for naboane verta verre. Han meiner også auka aktivitet frå anna næring kan gje meir støy, og han etterlyser utreiing av korleis etablering av bygningar tett på flyplassen påverkar lydbiletet, gjennom til dømes ekko-effekt.

Her er detaljert versjon (pdf) av plankartet frå områdereguleringsplanen for Bømoen som var ute på høyring i 2023.
Avvikling av luftsport på Bømoen
Luftsportsforbundet meiner også at planforslaget tilseier avvikling av luftsport på Bømoen.
– I dette planforslaget får ikkje luftsporten utvikla seg og halda fram med sitt lokale og nasjonale verdibidrag, meiner forbundet. Dei meiner også at nordsida av flyplassen må bli slik som i dag.
– Dette området ligg naturleg til for luftsportsaktivitet, der heile nordsida av flyplassen gjennom fleire tiår er tilpassa drift av flyplassen og luftsportsaktivitet. Det er heller ingen andre stader rundt flyplassen som er eigna for sikker flyplassdrift, mellom anna på grunn av topografi og plassering av rullebanen.
Noregs idrettsforbund stiller seg bak Noregs Luftsportforbund sitt høyringsinnspel. Idrettsforbundet meiner det er svært viktig at kommunen bidreg til å leggja forholda til rette for at luftsportsmiljøet på Voss og Vestlandet får sjansen til å utvikla seg vidare. Voss Idrottsråd skriv:
– Luftsportsarenaen er ein av dei seks viktigaste idrettsarenaene på Voss som kan handtera store nasjonale og internasjonale arrangement. Det er eit viktig element for idretten på Voss og for merkevarebygging av bygda vår.
Det var sårt for laget å verta tvinga ut av dette samarbeidet. Mange dugnadstimar er lagt ned i løypa og laget kjenner på at denne handlinga av grunneigar var ufin
– Viljar IL
Politiet og Røde Kors er uroa
Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand skriv i innspel at politiet ser det som viktig for beredskap og tryggleik at helikopterbasen får halda fram på Voss utan opphald, og at ein har tilgang på drivstoff 24/7.
– Politi, brann og helse nyttar jamleg både luftambulanse, redningshelikopter, politihelikopter og private helikopterselskap. At desse heile døgnet har tilgang på drivstoff og andre etablerte tenester, og kompetanse, finn me viktig å spela inn til planprosessen, skriv politioverbetjenten.
– For Røde Kors og ikkje minst våre profesjonelle samarbeidspartar som Luftambulansen og redningshelikopter er det heilt avgjerande at tankanlegget består slik at dei har moglegheit for å tanka opp maskinane sine. Dette meiner eg er heilt avgjerande for å oppretthalda beredskapen på Voss og kommunane omkring. For Voss Røde Kors Hjelpekorps sin del så har me nøkkel til hangaren der oppe og kan såleis bruka han som oppmøteplass og koordineringsplass i samband med søk og redning. I tillegg vert Bømoen brukt til både kursing og øving for våre medlemar. La løypenettet i Bømoen og området nord for flystripa med tankanlegg, og det flotte området fallskjermklubben har laga til, vera slik som det er i dag, skriv korpsleiar Kjetil Bere i Voss Røde Kors Hjelpekorps.
For Røde Kors og ikkje minst våre profesjonelle samarbeidspartar som Luftambulansen og redningshelikopter er det heilt avgjerande at tankanlegget består slik at dei har moglegheit for å tanka opp maskinane sine
– Røde Kors

«Med Bømoen AS er samarbeid vanskeleg»
Viljar IL har i alle år nytta Bømoløypa mykje. Men laget meiner heradet må leggja sterke føringar for korleis samarbeidet om Bømoen skal skje i framtida.
– Ny områdereguleringsplan må setja gode føringar for bruk og rett til bruk av Bømoen. Viljar IL si erfaring med Bømoen AS er at samarbeid er vanskeleg. Me vil nemna at eit krav frå Bømoen AS for ny avtale om Bømoløypa var at Viljar IL trekte seg ut av samarbeidet. Noko som er unaturleg sidan det er Viljar IL som i lang tid har vore pådrivar for vedlikehald og tilrettelegging av løypa. Det var sårt for laget å verta tvinga ut av dette samarbeidet. Mange dugnadstimar er lagt ned i løypa og laget kjenner på at denne handlinga av grunneigar var ufin. Grunnen til at me nemner dette er at Viljar er uroa for vidare bruk av Bømoen uavhengig av områdereguleringsplan. Og at heradet lyt leggja sterke føringar korleis samarbeidet om Bømoen skal skje i framtida, heiter det i innspelet frå Viljar IL.
Voss Idrottsråd skriv at Bømoløypa truleg er den viktigaste arenaen for idrett og folkehelse på Voss. Og meiner det derfor er viktig at løypa vert oppretthalden, med omsyn til kvalitet og omfang.
Fleire motsegner
Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren har alle kome med motsegner til planane. Det er knytt motsegn innan trafikktryggleik og andre tema.
– Desse må det takast omsyn til, presiserer Galaaen.
Statens vegvesen kjem med motsegn mot planen for manglande utgreiing, løysinga for tungtrafikk og om tilbodet for mjuke trafikantar.
Vestland fylkeskommune skriv til dømes at ein har vesentlege motsegn knytt mot manglande rekkjefylgjekrav som sikrar utbetring av vegstrukturen, og motsegn knytt til trafikktryggleik.
– Planen opnar for utbygging som vil medføra vesentleg trafikkauke forbi skule- og idrettsområdet, utan at planen har innarbeidd avbøtande tiltak, meiner sakshandsamarar i fylket.
Fylket har også merknader knytte til kulturminne som dei ber om at vert innarbeidde i planen før endeleg handsaming.
«Ta vare på naturen»
Voss Naturvernlag og Voss Utferdslag er mellom fleire som i innspel kjempar for naturvern på Bømoen. Begge er opptekne av m.a. Raundalselva og Bømoløypa.
– Grunneigarane visste godt at Bømoen ikkje var ei næringstomt eller industriområde då dei kjøpte eigedomen. Brorparten av området er regulert som natur- og friluftsområde, og historikken er òg spesiell. Etter vårt syn har dei ikkje krav på at samfunnet omklassiserer noko som helst av det som i dag er fri natur. Heller ikkje om ein brukar fine ord som utvikling eller ressursutnytting. Den største ressursen for Voss er at me har eit slikt eineståande og samanhengande skogsområde nær sentrum. Det er berre å sjå på det svært omfattande stinettet for å forstå kva betydning Bømoen har for folkehelsa, skriv leiar i naturvernlaget, Inge Draugsvoll.
Utferdslaget meiner prinsippet om arealnøytralitet må leggjast til grunn for alle tiltak i området.
– Dette inneber at Bømoen AS må dokumentera korleis bandlegging og opparbeiding av nye areal innanfor planområdet blir kompensert med vern og naturrestaurering av tilsvarande store, tidlegare opparbeidde areal, skriv dagleg leiar Margrethe Alm.
Innspel mot støy
Bømoen og støy frå flyaktivitet er det strid om. Nokre av innspela frå naboar kjem med forslag til korleis støyproblematikken kan betrast:
- Innspel om å nytta statlege retningsliner for flystøy.
- Det skal etablerast støyskjerming kring område der det vert generert mykje støy, som til dømes ved drivstoffanlegget og take-off-området. Arbeidet skal planleggjast i samarbeid med luftfartstilsynet.
Det kjem vidare framlegg om m.a. fly med dokumentert låg støy og endra opningstider for aktivitetane.
Mistar ein skog og vegetasjon kring flystripa mister ein attraktiviteten og statusen som verdskjend fallskjermdestinasjon.
– Voss Reiselivsråd
Stor støtte til fallskjermklubben
– Godt over halvparten av innspela er knytt til Voss Fallskjermklubb og dei andre luftsportsaktørane i området, seier Galaaen.
Stiftinga Ekstremsportveko skriv mellom anna:
– Me ynskjer å framheva viktigheita av Bømoen, og særleg Voss Fallskjermklubb, for vår årlege festival. Voss Fallskjermklubb er ein hjørnestein for Ekstremsportveko, og planforslaget frå Bømoen AS vil vesentleg påverka både fallskjermklubben og Ekstremsportveko. Av dei registrerte utøvarane på Veko er den største gruppa knytt til fallskjermsporten. I tillegg er Veko som organisasjon avhengig av ein fallskjermklubb som går godt og rekrutterer stadig nye medlemer.
Voss Reiselivsråd er mellom dei mange som rår frå å byggja ut næring tett på flystripa.
– Mistar ein skog og vegetasjon kring flystripa mistar ein attraktiviteten og statusen som verdskjend fallskjermdestinasjon. Luftsportsmiljøet bør få rom til å vidareutvikla seg, den er essensiell for merkevara Ekstremsportbygda Voss, meiner reiselivsrådet.
Dagleg leiar i fallskjermklubben, Andreas Håland Hemli, er glad for at mange har teke seg tid til å senda inn sine meiningar.
– Dette er gledeleg, og det må til om me skal få redda Bømoen. No håpar eg heradet tek dette på alvor. Politikarane må tenkja på fleirtalet sine interesser meir enn på eigarane sine interesser, seier Håland Hemli. Han har tidlegare omtalt planforslaget som eit industriområde med flystripe i midten.
Det er Bømoen AS som er tiltakshavar for planen, og planleggjar er 3RW arkitekter AS. Hordaland har bede Bømoen AS om kommentarar i denne saka, men avisa har ikkje fått svar.
Kjelde: www.avisa-hordaland.no