Flyfoto: Markering av brønnområdet og det som blir rekna som dei mest kritiske tryggleikssonene for å sikra drikkevasskjeldene.

Voss er kjent for sitt gode drikkevatn frå Prestegardsmoen. Samtidig er Prestegardsmoen og utløpet til Vangsvatnet flaumutsett, og ein kan ikkje alltid vera sikra reint drikkevatn. For å oppnå stabil og sikker vassforsyning i framtida, spesielt i tilfelle av forureining, teknisk feil eller krisesituasjonar, etablerer heradet eit reservevassverk i Bømoen. Denne etableringa er kritisk for å oppretthalda både vasskvalitet og forsyningstryggleik sentralt i heradet. Voss herad har kjøpt ein liten del av Bømoen med nær tilknyting til Raundalselva. Dette området utgjer reservevassverket og det er bora brønnar i perioden 2015-2017.

Lausmassane som utgjer Bømoen og Bjørkemoen vart avsett på slutten av siste istid for omlag 10 000 år sidan. Avsettinga har grovare sediment som grus, steinar og blokker i aust. Sedimenta i vest er finare med meir sand og silt. Undersøkingar har vist at dette er ein deltaforma israndavsetting og at det var ein isbre i Raundalen som var opphav til sedimenta. Bømoen er høgare enn det som vert rekna som den marine grensa, og det tilseier at området ikkje berre er eit isranddelta. Bømoen og Bjørkemoen er ei av dei største sandurene på Vestlandet. Ei sandur er ei elveslette av sand og grus som er avsett framføre ein isbre med smeltevatnet frå breen.

Dei 10 000 år gamle sedimenta har dei siste 100 åra vorte tydeleg påverka av menneska sine aktivitetar.

Temperatur og klima tilseier at det vert danna lite nytt grunnvatn i perioden november–mars. Vossovassdraget er det største vassdraget i Hordaland, og er varig verna. Raundalselvi er ein vesentleg del av vassdraget med svært klar og svært kalkfattig vasskvalitet. Nedbørsfeltet til Raundalselvi er 525 km2.

 

Ureiningskjelder

Bømoen-området har fleire potensielle kjelder til ureining som kan påverka drikkevasskvaliteten:

  • Bjørkemoen og Bømoen er bygd opp av lausmassar, og masseuttak skjer i begge områda. Fjerning av massar endrar det naturlege vernet av grunnvatnet. Dei fjerna massane utgjer den umetta sona der den naturlege filtreringa av vatnet skjer. Når lausmassar blir fjerna minkar den naturlege barrieren. Dette er ein ikkje-fornybar ressurs og den umetta sona kan ikkje fornya seg sjølv. Dermed blir vernet av grunnvatnet dårlegare og faren for ureining større.
  • Flyplassdrift kan vera ei stor kjelde til ureining, spesielt frå drivstoff som kan lekka og infiltrera grunnvatnet. Oppbevaring vil skje så langt frå næraste uttak at faren for drikkevatnet er liten, men ein kan ikkje gardera seg mot ulykker med fly.
  • Tidlegare militær aktivitet på Bømoen kan framleis utgjera risiko for drikkevatnet. Ureina grunn kan innehalda tungmetall og andre farlege kjemikaliar som kan lekka inn i grunnvatnet. Skyte- og sprengingsøvingar kan ha spreidd bly og andre giftige stoff i området. Forstyrring av jordsmonnet kan gjera det lettare for desse forureiningane å trengja inn i grunnvatnet. Uoppdaga forureiningar frå tidlegare tider kan frigjerast over tid og utgjera ein fare.
  • Nærleiken til aktivitetane på Bjørkemoen med deponi, øvingsbane, uttak av massar, asfaltverk, bilopphogging m.m. utgjev også fare. Lekkasje frå avfallsdeponia kan introdusera ei rekkje ureinande stoff, inkludert organisk avfall og giftige kjemikaliar, som kan ureina grunnvatnet. Dette kan resultera i uakseptable nivå av ureining i drikkevatnet.
Bjørkemoen med Bømoen bak
Bjørkemoen med Bømoen nordaust i bakgrunnen, 7. april 2024. Raundalselva er eit essensielt, men skjørt skilje mellom drikkevasskjelda og svært raske endringar i det 10 000 år gamle elvelandskapet.

Geologiske og hydrologiske faktorar

Når ein tek ut grunnvatn frå området må vassbalansen oppretthaldast. Er uttaket større enn det nedbøren kan erstatta innanfor brønnområdet, kjem eit tilsig av vatn frå andre deler av området og/eller elva. Nydanning av grunnvatn ved nedbør på heradet sitt område tilseier om lag 3 % av det årleg ynskte uttaket. Dermed må det trekkjast vatn frå eit større areal og frå elva. Det er lite nydanning om vinteren og grunnvasstanden vil då falla, like eins på slutten av sommaren til slutten av september. Målingar viser at det ikkje berre er ureining i nærområdet rundt brønnane som vil vera ein trussel for grunnvasskvaliteten. 

Raundalselva fungerer som ein hydraulisk barriere, som i teorien skal verna brønnane i Bømoen frå ureina grunnvatn frå avfalldeponi og aktivitet i Bjørkemoen. Men temperaturdata frå loggarar viser at enkelte brønnar er meir påverka av elva enn andre, noko som kan tyda på ein varierande grad av vern. Variasjonar i vassnivået kan påverka grunnvatnet si opphaldstid og ureiningsrisiko.

Pumping av vatn frå brønnane kan påverka grunnvassnivået og potensielt auka risikoen for at ureiningar spreier seg. Regelmessig overvaking og kontroll av vassnivået er naudsynt for å sikra at ureina vatn ikkje infiltrerer drikkevassbrønnane.

Uttak av massar

Det er tidlegare gjort mindre uttak av massar på Bømoen, og Bømoen AS ynskjer å etablera grustak i området aust på Bømoen, dvs. nord for reservevassverket. Det er viktig å sjå nøye på korleis dette vil kunna påverka jord- og vassressursane. I fylgje Frøyland et al. (2015) vil masseuttak her i tilsigsområdet gje ein negativ innverknad på uttaksområdet for drikkevatn. Dette kan få store konsekvensar for kvaliteten på vatnet, då ein fjernar deler av den umetta sona og dermed øydelegg deler av det naturlege vernet til grunnvassførekomsten. Masseuttak vil òg føra til auka motorisert ferdsel og fleire maskiner på området, som igjen aukar risikoen for ureining.

Auka bruk av området

Ved utbygging av næringsbygg, camping mm. aukar presset på Bømoen gjennom beslaglegging av areal, meir trafikk og menneskeleg aktivitet. I tillegg er det sannsyn for at friluftsaktivitetar flyttar seg til område nærmare brønnområdet.

 

Førebyggjande tiltak og overvaking

For å sikra god drikkevasskvalitet må ein gjera tiltak:

  • Strenge reguleringar av potensielle forureiningskjelder
  • Tryggleikssoner
  • Regelmessig vassprøvetaking for å overvaka vasskvaliteten. Dette inkluderer måling av elektrisk leiingsevne, og analyse av kjemiske komponentar for å sikra at dei er innanfor trygge grenseverdiar
  • Data-loggarar til å samla inn informasjon om temperatur og grunnvassnivå i brønnane. Data frå desse skapar forståing for korleis grunnvatnet bevegar seg og vert påverka av ulike faktorar
  • ROS-Analyse for å identifisera risikoane og sårbarheitene, og danna grunnlag for ein tryggleiksplan som inkluderer overvaking, førebyggjande tiltak og beredskapsplanar for rask respons ved forureining
  • Vedlikehald av anlegg og installasjonar
  • Auka medvit blant innbyggjarane på Voss om verdien av sikker forsyning av reint vatn

Tryggleikssoner i Bømoen

Eit av dei mest sentralte tiltaka for å verna om vasskvaliteten er etablering av tryggleikssoner rundt vasskjeldene. 

  1. Primær tryggleikssone: Området nær brønnane der all aktivitet som kan føra til forureining er forbode, inkludert byggjearbeid, lagring og avfallshandtering.
  2. Sekundær tryggleikssone: Området rundt den primære sona, med visse avgrensa aktivitetar. T.d. streng regulering på landbruk og anna verksemd som kan påverka grunnvatnet.
  3. Tertiær tryggleikssone: Vidare omkringliggjande område som krev overvaking og kontroll for å hindra langsiktig forureining.

Miljø og natur

Naturen på Bømoen er rik og mangfaldig, og spelar ei nøkkelrolle i å oppretthalda miljøbalansen. Viktige aspekt inkluderer:

  1. Økosystemtenester: Naturlege prosessar som reinsing av vatn, absorpsjon av karbon, og vedlikehald av biodiversitet er kritiske for vassforsyninga.
  2. Skog og vegetasjon: Vegetasjonen rundt vasskjeldene fungerer som eit naturleg filter som reduserer risikoen for forureining av grunnvatn.
  3. Habitat for dyreliv: Vern av naturmiljøet er essensielt både for vasskvaliteten og for å sikre leveområda til det lokale dyrelivet.
Skog i Bømoen
Bømoen har opparbeidd dette gjennom 10 000 år: Naturlege prosessar som reinsing av vatn, absorpsjon av karbon, og vedlikehald av biodiversitet... Alt dette er kritiske faktorar for vassforsyninga.

Avslutning

Bygginga av reservevassverket involverer omfattande anleggsarbeid, inkludert etablering av hovudvassleidningar og oppgradering av infrastruktur.

Etablering av reservevassverk i Bømoen er strategisk viktig for Voss herad. Med nøye planlegging, etablering av tryggleikssoner, og miljøvenlege tiltak, vil prosjektet sikra stabil tilgang til reint vatn og vern av det sårbare naturmiljøet. Risikoanalysen viser at berre med rette tiltak kan Bømoen tilby ei trygg og stabil vassforsyning i framtida.

Kjelder: Voss herad og Line Haukanes: Risiko- og sårbarheitsanalyse av eit reservevassverk på Bømoen, Voss (Masteroppgåve, UiB).