Ellen T. Astrup i Miljøsmidjo har sendt oss denne rapporten:

Mange gode lesarinnlegg har vore skrive om Bømoen den siste tida. Eg synest dette manglar: 

Dei 20 siste åra har eg vore trufast brukar av dette unike området, både til arbeidsveg og i fritid. Eg har gått på ski, sprunge orientering, bada i elva, jogga, gått og sykla. I morgongry har eg møtt på elg og eg har sett myriadar av spor i snøen etter nattleg aktivitet frå mus og hare, rev og ekorn. Hakkespetten finn morgonmat i gamle trestammar og doggdropar glitrar i edderkoppen sitt skjøre nett. Høgt der oppe spenner ørnen sine vengjer og glir gjennom lufta. Alt dette ber eg med meg som ein skatt. 

Heilt sidan eg trødde mine fyrste spor her inne i skogen, har eg visst kor eineståande dette området har vore. Alt den gongen gjekk eg i eigne tankar og tok til å dikte lesarbrev – mot eit trugsmål eg frykta ville kome. Slikt kan skje når ikkje deler same ærefrykta for naturen. Når menneske sett seg over naturen og argumenterer for at arbeidsplassar og økonomi er viktigare enn naturen sjølv. 

Det å tru at me menneske er noko anna enn natur – og ikkje ha tanke for at slik me skjøttar naturen, skjøttar naturen oss, er urovekkjande. Sjølv for grunneigarar er det ikkje ei menneskerett få byggje ut og ned. 

Negativ utvikling

Som nær dagleg brukar av Bømoen i alle desse åra meiner eg å ha eit godt oversyn over utviklinga, som ikkje er særleg lysteleg. Med det blotte øye er det for alle synleg forsøpling og estetisk forureining. Ein skal heller ikkje ha særleg fagkunnskap for å sjå at her foregår aktivitetar som ikkje er bra, som kan vere til skade for både barn og dyr og som degraderer Bømoen som friluftsområde. 

Sjølv kan eg ikkje unngå å sjå Bømoen med avfallsbriller. Med lang fartstid i bransjen og god kompetanse på miljøgifter og farleg avfall, inkludert fagbrev i gjenvinningsfaget bør eg vere meir trent enn den fleste turgåar til å sjå ut over det estetiske. Med handa på hjarte kan eg seia at eg lenge har hatt dårleg magekjensle og vore trist til sinns etter å turnere i området. Det gjev inga ro og sjelefred, men er heller opprivande og sjokkerande å vere vitne til ei slik forvalting av vår felles arv.

Korleis kan det ha seg at farleg avfall som inneheld svært giftige kjemikaliar flyt fritt i naturen utan at det får konsekvensar for eigarane? På, og rundt den gamle flystripa i Bømoen har eg mellom anna observert lagring og dumping av følgjande typar farleg avfall:  

  • Traktor- og bildekk: Inneheld miljøskadelege stoff som PAH (polyaromatiske hydrokarbonar) tungmetall og mikroplast
  • Skytematter: Inneheld tungmetall, restar av sprengstoff og mikroplast
  • EE-avfall (elektriske kablar mm): Inneheld plast med miljøgifter som ftalatar og tungmetall
  • Kreosotsviller: Behandla med kreosot, som inneheld kreftframkallande PAH-ar
  • Store mengder brukt asfalt: Innehelde PAH og andre skadelege stoff
  • Jord- og steinmassar: Kan vere forureina med tungmetall og andre farlege stoff
  • Tunellmatter: Inneheld bromerte flammehemmarar
  • Eternitt: Inneheld asbest, som er svært helseskadeleg

Utslepp av miljøgifter fører til gradvis opphoping i næringskjeda og forgifting av jord, luft, vatn, menneske og dyr, ofte med langvarige og uboteleg skade. Skjerpande er også at området ligg i nedslagsfeltet for vår reserve drikkevasskjelde, med fare for at giftige stoff lek ut og forureinar grunnvatnet. Nyleg kom det fram i Hordaland at Bømoen AS skal vere kjend med risikoen då dette kjem fram i Bømoen AS si eige konsekvensutredning skriven av Cowi.

Miljøkriminalitet 

Lagring / dumping av farleg avfall i naturen bryt fleire norske lover og forskrifter, inkludert:

  • Forureiningslova: Det er forbode å forureine naturen og utsetje menneske eller miljøet for helse- og miljøskadelege stoff
  • Avfallsforskrifta: Regulering av handtering og disponering av farleg avfall
  • Vassforskrifta: Vernar vassførekomstar mot forureining og sikrar godt vassmiljø

Sjølv for industriparti og politikarar med næringsutviklingsbriller, bør det ringe ei bjelle. Å setje til side lover som skal ta oss og naturen i vare, er ikkje tillitvekkande. Tillit er ikkje noko ein får, men noko ein skal gjere seg fortent til. 

Lat moralen sigra i soga om Bømoen.

Les òg: Miljøkriminalitet i 4 steg

 

Ellen T. Astrup er utdanna samfunnsgeograf og har mange års yrkeserfaring frå offentleg forvalting innan klima- og berekraft. Ho har også lang fartstid i avfallsbransjen, samt eit fagbrev i Gjenvinningsfaget.

Som tidlegare kommunikasjonsansvarleg i det interkommunale avfallsselskapet Indre Hordaland Miljøverk har ho formidla kunnskap om miljøgifter og farleg avfall og bidratt til å motivere verksemder og private til ansvarleg handsaming av slikt avfall. Krav til kompetanse innan fagfeltet er å kunne ta imot, kontrollere, klassifisere og sortere avfall etter bestemte kravspesifikasjonar. Ein viktig del av faget er å kunne skilja farleg avfall frå anna avfall og deklarere og handsame denne type avfall etter gjeldande regelverk.

I dag driv Astrup verksemda Miljøsmidjo, der ho er dagleg leiar og engasjerer seg i lokal ressursforvaltning, særleg innanfor matsystemet. Farleg avfall og miljøgifter er sentralt også i høve sunn og berekraftig mat frå jord til bord.