Sesongen er i gang for Voss Fallskjermklubb, men leigeavtale med Bømoen AS som kjøpte området med flyplassen i 2012, har gått ut. Grunneigarane er ikkje nøgde med at fallskjermklubben har starta sesongen utan ein avtale. Bømoen AS har vore i fleire møte med fallskjermklubben og heradet, utan at det vart ei semje. Bømoen AS hevdar dei har som mål å få landa ein langtidsavtale med fallskjermklubben snarast mogleg.

Fallskjermklubben på si side ynskjer ikkje tilrettelegging for næringsbygg i området rundt landingsfeltet, i frykt for at dei ikkje kan læra opp nye elevar om dei ikkje har nok plass til å landa trygt.

I påvente av behandlinga av reguleringsplanen i heradsstyret i juni, er det vanskeleg å sjå for seg ei løysing før den tid.

Flyplassen

Bømoen flyplass jobbar for tida med å få på plass ny godkjenning frå Luftfartstilsynet. Flyplassen er viktig for næringslivet på Voss ved at aktivitetane der bringar mange besøkjande og folk med variert kompetanse til bygda. Og flystripa med tilhøyrande område er heilt avgjerande for luftsporten, helikopterselskapa og for Ekstremsportveko.

Kjelde: Nå er det skjebneuker for bygdens store trekkplaster. Foto: Voss Fallskjermklubb.