13. juni 2024 vart områdeguleringsplanen for Bømoen vedteken.

Det opphavlege planforslaget, slik det var utarbeidd av 3RW for Bømoen AS, var det verste som kunne skjedd for naturen, friluftslivet og luftsportsaktivitetane. Administrasjonen i Voss herad la fram eit tilrådd forslag, der den største endringa var at eit masseuttak og eit næringsfelt var ute av planen. Det var dette forslaget som fekk fleirtal i formannskapet 6. juni. Det store engasjementet blant folk for å ta vare på Bømoen – blant anna gjennom ein stor demonstrasjon før formannskapsmøtet – såg ut til å vera forgjeves.

Alternativet

SV og AP stod bak eit alternativt forslag som fall med knappast mogleg fleirtal i formannskapet. Voss Naturvernlag valde å støtta dette forslaget fordi planen avgrensa utbygging til allereie nedbygde område, og tok omsyn til skogen og stinettet, drikkevasskjelda og trafikkutviklinga. Ingenting tilsa at eit 0-alternativ nokon gong ville bli vurdert politisk. Fram mot heradsstyremøtet var det intense politiske forhandlingar for å skapa fleirtal for den alternative planen. Politikk er "det muliges kunst", og det måtte til nokre endringar i plan-alternativet for å få fleirtal. Me kjem tilbake med detaljar seinare. Men at den vanlege vossing har synleggjort kva Bømoen betyr personleg, for samfunnet og for naturmangfaldet, har garantert snudd den politiske stemninga og resultatet.

Her er eit knippe lesarinnlegg i avisa Hordaland 2. mai – 12. juni: