Voss herad inngjekk i 2023 ein festeavtale med Bømoen AS. Den gjeld for 50 år, men berre for sjølve rullebanen og ingenting av arealet rundt.

Festeavtalen for arealet som Noregs største fallskjermklubb treng for å driva vidare, er derimot uavklart. I forslag til områdereguleringsplan er arealet definert som idrettsanlegg.

Bømoen AS har sendt eit utkast til ny festeavtale for dette området som seier at avtalen kan avsluttast dersom områdereguleringsplanen ikkje blir vedteken slik selskapet ynskjer. Utan festeavtale, ingen fallskjermklubb og det betyr òg kroken på døra Ekstremsportveko.

I ei pressemelding frå Voss herad i november 2022 kan ein lesa, både på og mellom linjene, at det er ei kopling mellom idrettsanlegg og næringsareal i den komande områdereguleringsplanen. I mai 2024 kjem dette tydeleg fram også i form av eit heilt konkret press der intensjonen er at fallskjermklubben berre vil få ein festeavtale dersom områdereguleringsplanen vert slik Bømoen AS ynskjer.

Pressemelding frå Voss Herad, 2. november 2022:
I møte den 1. november er Voss herad og Bømoen AS einige om følgjande:1. Voss herad og Bømoen AS har i møte blitt einige om framleis luftsportsaktivitet på Bømoen.2. Det
LES MEIR

Dagens ordførar understrekar at heradet si oppgåve er å leggja til rette for at partane kan bli einige. Og at områdereguleringsplanen skal vedtakast uavhengig av festeavtalen.

Voss herad hadde festeavtale for flyplassområdet i mange år, og leigde området ut til Voss Fallskjermklubb. Bømoen AS meiner avtalen gjekk ut i 2023, medan fallskjermklubben meiner avtalen varer til ein ny reguleringsplan vert vedteken. Klubben har også uttrykt misnøye med dei nye krava frå Bømoen AS, inkludert arealet som er tiltenkt klubben og lengda på den nye festeavtalen. Bømoen AS foreslår ein avtale på 20 år, medan klubben ynskjer minst 30 år for å kunne søkja om spelemidlar og sikra langsiktig drift. Klubben har uttrykt sterk motstand mot Bømoen AS sine forslag og meiner dei ikkje kan godtakast. Dagleg leiar Andreas Håland Hemli i fallskjermklubben har oppfordra politikarane til å gripa inn og at oreigning er ei mogleg løysing.

Fallskjermklubben og Ekstremsportveko er utan tvil viktige for Voss, både økonomisk og omdømmemessig, og det veit alle. Her kan det sjå ut til at næringsaktøren Bømoen AS brukar dette faktumet for å hindra eit politisk vedtak som avgrensar selskapet sine planar. Ein set omsynet til luftsportsmiljøet opp mot ei moglegheit for at heradsstyret tek meir omsyn til skogsområda enn det Bømoen AS sjølv vil.

Alt Text
Bømoen AS sin opphavlege intensjon for flyplassområdet.