FOTO: Utviding av veg/grusplass vest for gamle flyplass-stripa i Bømoen. Jordhaugane som er skrapte vekk kan kanskje tilbakeførast dit dei kom frå?

Lesarbrev i avisa Hordaland: Anne Helene Skorve

Bømoen AS har som kjent fjerna skog, anna vegetasjon, jord og torv i eit område regulert til Natur- og Friluft.

I fylgje Kommuneplanen for 2020–2032 er dette i strid med reguleringsføremålet der omsynet til «bevaring av naturmiljø» og til «friluftsliv» er hovudføremålet. Om ein skal nytta området til andre føremål må dette søkjast om på førehand.

Dersom Bømoen AS har søkt om dispensasjon og fått ja, ville det vera mange med meg som ynskjer å få vita heradet si grunngjeving for løyvet. Er det mogleg?

Dersom Bømoen AS ikkje har fått løyve til å fjerna jord og vegetasjon for å laga grusplassar, setja opp lagerskur og lagra bygningsmaterial, div. massar, anleggsutstyr med meir, kva for verkemiddel har Voss herad til å stoppa denne bit-for-bit-øydelegginga av Natur- og friluftsområde i Bømoen?

Kan det vera ein start for heradet å gjennomføra eit tilsyn?

Då bør heradet ikkje berre føreta synfaring på grusplassane rundt militær-brannstasjonen (synt i Hordaland 4. mai), men òg i austenden og vestenden av den gamle flyplasstripa. Biletet i toppen er eit døme på eit Natur- og friluftsområde i vest.

Ros til heradet for arbeidet som er gjort med å utvida sikkerheitssona til flyaktivitetane i Bømoen. Mange høge tre måtte fellast, men jordsmonnet er intakt og små tre har fått stå att. Det er starta rydding rundt Bømoløypa som går gjenom sikkerheitssona, og denne er fin og ferdast i med mykje fuglekvitter ein dag i mai.

Her frå området av løypa som går gjennom sikkerheitssona til flyaktivitetane.