Upartisk vurdering av Bømoen-avtalen og oreigning

Upartisk vurdering av Bømoen-avtalen og oreigning

Opne planprosessar er eit av få verkemiddel me som bryr oss om naturen har. Når ein ser at folkehelse, nærnatur og landskap er trua av private utbyggjarar, MÅ folk kunna stola på at lokaldemokratiet fungerer. Det er den enkle grunnen til at me hentar inn kompetanse utanfrå for å vurdera det prinsipielle her. Kan planarbeid bindast opp gjennom avtalar som i praksis krev ei bestemt regulering?

Bømoen på 10 minutt: kva har skjedd – og kva skjer vidare?

Bømoen på 10 minutt: kva har skjedd – og kva skjer vidare?

Viss du synest Bømoen-saka er vanskeleg å fylgja: Du er ikkje åleine! Her får du ei kort forklaring av kva som har skjedd, kvar saka står no, og vegen vidare.

Reguleringsplanen frå 2024 gjeld framleis. Samstundes har ordføraren forhandla fram ein minneleg avtale som medfører planendring – i staden for oreigning av areal for luftsport og flyplass. Valet no er om Voss herad skal halda fast på fleirtalsvedtaket frå 2024, eller opna for endringar som vil krevja ny planprosess.

Trafikk-konflikt i Bømoen

Auka næringsareal betyr meir trafikk på Bømoen og Bjørke

Eit nytt kapittel i Bømosaka starta då rådmannen la fram planforslaget sitt i 2023. Høyringsrunden utløyste ei rekkje motsegner – mellom anna frå Statens vegvesen, som peika på at planen ville gje betydelig auka trafikk. Dette var ein av fleire tema som førte til at næringsareala vart reduserte i planforslaget.