Bømoen - områderegulering, bruk og naturmiljø

Det er viktig å unngå tiltak og inngrep som kan forringe opplevinga og bruken av området, og det skal leggast avgjerande vekt på å ivareta desse interessene.

Områdereguleringsplan for Bømoen kjem no til politisk behandling!

Sakspapira er lagt ut på heradet sine heimesider og skjebnen til Bømoen blir avgjort 13. juni i heradsstyret.

Bjørke bru ute, kva så?

Etter heradsstyremøtet i desember er avtaleutkastet om Bømoen endra 23. januar, i fylgje ei pressemelding frå ordføraren. Det mest synlege er at Bjørke bru vert teke ut av avtalen og gjort til eiga sak. Samstundes kjem det fleire presiseringar om parkering, festeareal og praktiske løysingar rundt luftsport og beredskap.

Naturrestaurering i Bømoen: Heradet gav, og Heradet tok...

Kommunedelplanen for klima, klimatilpassing og grøn omstilling er konkret, men kor langt er det frå ord til handling?

No treng me di hjelp!

Då saka om ny reguleringsplan for Bømoen var ute på høyring, kom det inn over 400 innspel. Vossingane har gitt våre politikarar tydeleg beskjed om at me ønskjer å ta vare på det som er att av natur i Bømoen.

"Den lille vestlandsbygda fikk det store naturområdet ryddet og levert tilbake, og et lite stykke Norge ble igjen gitt tilbake fra Forsvaret til allmennheten."

Riksrevisjonen gjennomførte ei grundig gransking av Forsvaret sine prosessar for avhending av eigedom, bygg og anlegg i perioden 2004–2005.