Viss du synest Bømoen-saka er vanskeleg å fylgja: Du er ikkje åleine! Her får du ei kort forklaring av kva som har skjedd, kvar saka står no, og vegen vidare.

Reguleringsplanen frå 2024 gjeld framleis. Samstundes har ordføraren forhandla fram ein minneleg avtale som medfører planendring – i staden for oreigning av areal for luftsport og flyplass. Valet no er om Voss herad skal halda fast på fleirtalsvedtaket frå 2024, eller opna for endringar som vil krevja ny planprosess.

Nøkkeltal i avtaleutkastet

  • Meir areal til næring/industri (mindre natur/friluftsliv): 110,6 daa
  • Mindre areal til idrett: 7,6 daa
  • Frist i avtaleverket: 30.06.2028
  • Avtaletid for luftsport/flyplass: 50 år

Tidslinje frå 2023 til januar 2026

Denne tidslinja viser planprosessen og kvifor 2024-planen blir omtala som eit kompromiss med brei politisk forankring og stort engasjement.

  1. 08.06.2023: Planframlegg for Bømoen (planid 2023003) blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.
  2. 01.09.2023: Høyringsfrist. Administrasjonen går gjennom innspel og arbeider vidare med revidert planframlegg.
  3. 13.06.2024: Heradsstyret gjer endringar i planframlegget og vedtek ny høyring. Dette blir omtalt som eit politisk kompromiss, tufta på stort lokalt engasjement.
  4. 01.07.2024: Planen blir lagd ut til ny høyring/offentleg ettersyn, med frist 01.09.2024.
  5. Hausten 2024: Planmaterialet blir oppdatert før endeleg politisk behandling.
  6. November 2024: Heradsstyret vedtek områdereguleringsplanen (2024-planen). Planen blir kunngjord mot slutten av november.
  7. Vinter 2024/25: Det kjem klage frå Bømoen AS. Heradsstyret avslår klaga og saka går vidare.
  8. 27.03.2025: Heradet varslar oreigning for areal knytt til formåla i planen (datoen er omtalt i debatten som eit viktig vendepunkt). Det har òg vore debatt om kva festeområde som var med i varslet.
  9. Juni 2025: Statsforvaltaren stadfestar planen (med justering/oppheving av ei føresegn). 2024-planen står då ekstra tydeleg som gjeldande rettsleg rammeverk.
  10. August–desember 2025: Ordførar/politisk leiing tek initiativ til kontakt og forhandlingar med Bømoen AS, som alternativ til oreigning og vidare rettsleg konflikt.
  11. 15.–18.12.2025: Utkast til «minneleg avtale» blir lagt fram. Utkastet føreset planendring og set vilkår og fristar fram mot 30.06.2028. Avgjerd vert utsett m.a. fordi avtalen truleg vil belasta eit hardt pressa driftsbudsjett.
  12. Januar 2026: Saka blir førebudd for ny politisk runde tidleg i 2026 (formannskap og heradsstyrebehandling er varsla i februar).

Bakgrunn: kvifor vart dette ein konflikt?

Areal + funksjonar i same område

Bømoen er ikkje berre eit skogområde, og ikkje berre ein flyplass. I same landskap ligg nærnatur og friluftsliv tett på sentrum, samstundes som området er ein arena for luftsport (fallskjerm, hang-/paraglider og flyaktivitet), idrett, beredskap og store arrangement som Ekstremsportveko. 2024-planen vart vedteken etter lang planprosess, fleire høyringar og stort folkeleg engasjement, og enda som eit politisk kompromiss med stort fleirtal i heradsstyret.

Konflikten handlar ikkje berre om plankartet. Han handlar òg om kva som skal til for at aktivitetane faktisk kan drivast i praksis: leige-/festeavtalar, oppseiing, vilkår for bygg og støttefunksjonar (klubbhus, losji/camping, parkering), tilkomst og logistikk. Når Bømoen AS eig grunnen, får selskapet stor forhandlingsmakt gjennom nettopp desse avtalane og vilkåra.

Eit logisk utgangspunkt

2024-planen styrer arealbruken som offentleg vedtak. Avtalane styrer om aktivitetane kan drivast føreseieleg frå dag til dag. Når avtaleutkastet krev planendring for å “låsa” avtalane, blir plan og avtale knytte tett saman – og det er her mykje av striden ligg.

Det er òg reist kritikk om prosess og rollefordeling: kven forhandla, korleis mandat vart forstått, og korleis administrasjonen handterte kart/avgrensingar i oreigningsarbeidet.

Flyplassen: eigartilhøve og kvifor dette har vorte så vanskeleg

Mykje av kjernen i konflikten ligg rundt flyplassen og areala rundt flystripa: kven som rår over kva, på kva vilkår, og kor lenge. I debatten er det vist til at kommunen i 1973 fekk råderett over flyplassen og areal på nordsida i ein 50-års avtaleperiode (med mogleg fornying). Då avtaleperioden nærma seg slutt, vart spørsmålet om varig kontroll over flyplassdrifta endå meir pressande.

I fleire innlegg blir det òg hevda at salet til Bømoen AS i 2013 kom med vilkår/tilleggsavtale som skulle sikra at areal som er naudsynt for framtidig drift av flyplassen (inkludert sikringssone) kan overførast til kommunen. Samstundes har den praktiske kvardagen for flymiljøa i mange år vore prega av usemje om feste/leige, oppseiing og rettar til funksjonelle område – altså dei delane som avgjer om drift faktisk er mogleg og føreseieleg.

Dette er bakteppet når politisk leiing valde å prøva ein minneleg avtale: Målet har vore å skapa langsiktige rammer for drift. Kritikarane svarar at når avtalen føreset planendring, og er ei samla “pakke”, vil det i praksis endra intensjonane i 2024-planen.

Næringsargumentet – og spørsmålet om kva som faktisk manglar

Eit gjennomgåande tema i ordskiftet er påstanden om at Voss treng meir og “rett type” næringsareal. Samstundes er det vist til ei oversikt frå teknisk etat (handsaming i heradsstyret 16.06.2024) som omtalar om lag 800 mål ledig næringsareal i heradet, i tillegg til tomme lokale på Vangen og andre stader.

I same ordskiftet blir Bjørkemoen omtalt som eit “grått areal” på om lag 793 mål med potensial for grunnvass-/grunnvarme, og at Bømoen AS allereie eig rundt 110 mål næringsareal med tilsvarande energipotensial. For mange blir difor kontrollspørsmålet: Kva type næringsareal er det ein faktisk manglar – og kvifor må nettopp Bømoen sin skog og friluftsstruktur vera ein del av løysinga?

Kostnader og bindingar framover

Ein del av uroa i saka handlar om økonomi. Nokre beløp er nemnde i dokumentpakken (til dømes juridiske kostnader i storleiksorden 1,8 mill. kr), men fleire postar er usikre og kan slå inn over tid.

  • Bjørke bru: I debatten har det vore vist til anslag som sprikar (ofte omtalt rundt 10–12 mill. kr). Usikkerheit i omfang og pris kan gje store utslag – særleg dersom krava gjeld akseltrykk/standard som utløyser meir omfattande tiltak.
  • Leige-/festevilkår over tid: Prisnivå og regulering kan binda heradet til nye, årlege utgifter, og uvisse om vilkår kan skapa budsjettpress i drifta.
  • Planarbeid og utgreiingar: Ny planprosess kan krevja oppdaterte vurderingar av trafikk og mjuke trafikantar, støy/lys, naturmangfald, tryggleik og beredskap – og dette krev både pengar og kapasitet.
  • Fylgjekostnader i drift: Endringar kan utløysa behov for parkering/tilkomst, omlegging av stiar/løyper, og tiltak for å halda oppe funksjonar for idrett og luftsport dersom “driftsareal” blir snevra inn.
  • Juridisk risiko ved avtale: I debatten er det peika på at ein signert avtale kan flytta tvisten frå plan- og forvaltningsspørsmål til avtaleforpliktingar, med risiko for krav ved påståtte brot på avtalen.

Luftsport og Ekstremsportveko: rammer, tryggleik og føreseieleg drift

Luftsportmiljøet har vore tydeleg på behovet for langsiktige og praktisk fungerande løysingar: areal, bygg, tilkomst, logistikk, parkering, og rammer som gjer trygg drift mogleg. Det har også vore peika på at inngrep i område som er kritiske for tryggleiken kan skapa utfordringar.

Ekstremsportveko har understreka at uvisse eller svekka rammer for fallskjermmiljøet kan slå direkte inn på festivaldrifta. Samstundes er det uttrykt at ein kan tåla ein vanskeleg 2026-sesong om det bidreg til ei meir varig og trygg løysing på sikt.

Beredskap og drivstoff

Eit eige tema er drivstoff og ansvar for leveranse/tilgang. I avtaleutkastet er dette omtalt med både plikt og rett knytt til drift. Kritikarar har peika på sårbarheit dersom reserveordningar blir uklare, eller dersom løysinga gir for svak kommunal kontroll i ein beredskapssituasjon.

Kvar står saka no?

Områdereguleringsplanen (2024) er vedteken og stadfesta, og er gjeldande rammeverk. Samstundes legg avtaleutkastet frå desember 2025 opp til at heradsstyret skal endra planen (kart og/eller planføresegner) for at avtalen skal bli gjennomført slik han er skildra.

Planendring og ny høyring: kva utløyser det – og kva er “forenkla prosess”?

Når kommunen skal endra ein reguleringsplan, er hovudregelen at endringar som er vesentlege må gå gjennom ordinær prosess med høyring og offentleg ettersyn. Mindre endringar kan i nokre tilfelle behandlast enklare, men berre dersom endringa ikkje endrar hovudgrepa eller gir nye vesentlege verknader (til dømes for natur/friluft, trafikk, støy, tryggleik og beredskap).

Les: Endring av plan (regjeringen.no)

Les: Mindre endring (Statsforvaltaren i Vestland) 

Avtaleutkastet: 5 punkt du bør forstå

Hovudavtalen listar opp endringar som må vedtakast i plankart og planføresegner. Difor blir avtalen av mange opplevd som ei samla “pakke”.

Endringane er summerte med tal: +110,6 daa næring/kombinert areal og −7,6 daa idrett.

Avtaleverket skisserer eit tidsløp der avklaringar må skje innan 30.06.2028. Det kan gi arbeidsro, men kan òg opplevast som tidsmessig binding i prosessen.

Dokumentpakken omtalar langsiktige avtalar knytte til idrett/luftsport, mellom anna med 50 års varigheit. For mange handlar dette om føreseieleg drift – men òg om kva som blir bunde opp, og kva som skjer når perioden tek slutt.

Nokre kostnader er konkrete (t.d. juridisk), medan andre er meir usikre (t.d. bru, utgreiingar og følgekostnader). Sjå seksjonen Kostnader og bindingar framover.

Tre moglege vegval vidare

Her vel heradsstyret å halda fram med avtalen og startar planendring. Då må det koma høyring, innspel, vurderingar og eit nytt politisk vedtak. Tidsaspekt og eventuell avklaring for luftsporten er uavklart.

Her prøver ein å rydda i dei mest omstridde eller uklare punkta før ein set i gang ny planprosess, slik at ny høyring får større truverde og meir reelt handlingsrom.

Her vel heradsstyret å halda fast på 2024-planen og går vidare med oreigning og/eller domstol for å avklara rettar og kontroll. Dette vil gi endeleg avklaring, men kan ta tid å gjennomføra.