Lesarbrev i avisa Hordaland: Anne Helene Skorve

Kva som er tilleten aktivitet i Bømoen står i Kommuneplanen som gjeld for åra 2020–2032. Noko av Bømoen er regulert til «Friluftsområde» og/eller «Naturområde».

For desse områda er det vedteke retningsliner for kva ein skal ta omsyn til dersom ein får lov til å gjera endringer på naturen. Nokre døme:

  • Nye tiltak skal fremja naturmangfald og/eller ålmenn bruk.

  • Skjøtsel og enkel, naturvenleg tilrettelegging for oppleving, leik, fysisk aktivitet og rekreasjon er tillete.

  • Ein skal unngå tiltak/inngrep som kan forringa opplevinga og bruken av områda til friluftsliv

  • Eksisterande stiar i området som vert nytta av ålmenta skal sikrast.

  • Det skal takast omsyn til sårbare og verdifulle landskapsområde, slik at landskapskvalitetane ikkje vert forringa.

Bømoen
Bileta er teke i dette området, mellom gamle flystripa og Ostjørni.

Eg tok bilete i Naturområde og Friluftsområde mellom gamle flystripa og Ostjørni tidleg i april. Bileta syner inngrep som etter mi meining er i strid med reguleringsplanen. Her skal det takast omsyn til «bevaring av naturmiljø» og til «friluftsliv» – dersom ein får lov til å setja i gang arbeid i området.

All vegetasjon er fjerna, jord er fjerna, og det ser ut til at det er i ferd med å bli laga til ein endå større planert grusplass enn det det alt har laga.
Gravemaskina ser ut til å vera i ferd med å grava seg innover fra Natur- og Friluftsområdet og inn i det regulerte område for Næringsformål, som ein så vidt kan skimta bak furutrea som framleis står att.
Dette området ser ut til å vera delvis ferdigplanert med grusdekke.
Grusplassen bak gjerdet på bilete 3 ser slik ut. Her var det for ikkje lenge sidan furutre.
Plassen og lagerskuret er i nærleiken av den raude bygingen, og me er framleis i området regulert til Natur- og Friluftsliv. I bakgrunnen kan ein skimta området som er regulert til Næringsformål.

I 2020 då kommuneplanen vart vedteken, var det jordekt barskog i det meste av Natur-og Friluftsområdet som bileta er frå. No er det nesten berre ein stor grusplass med eit inngjerda område og eit lagerskur.

Bømoen vert nytta av over tusen vossingar kvart år åleine eller saman på tur, gåing, jogging, i organisert nærtrim, o-løp, stolpejakt mv.

Eg har difor mange med meg som undrar på kvifor de har fjerna all vegetasjon, barskog, lyng og jord, og laga ein planert grusplass i eit Natur- og Friluftslivområde. Kan de svare på det?

De kan gjerne svare direkte i avisa Hordaland sidan svaret dykkar har ålmenn interesse på Voss.