Voss heradsstyre valde 5. februar 2026 å ikkje godkjenna den framforhandla minnelege avtalen mellom Voss herad og Bømoen AS. Vedtaket nedanfor fekk fleirtal med 23 mot 20 røyster. Fleirtalet bestod av Ap, SV, R, V, MDG, FrP og fire uavhengige. Ordføraren røysta subsidiært for vedtaket, etter at heradsstyret hadde hatt ei prøveavstemming før gruppemøte.

 

Vidare prosess

Vedtaket ber administrasjonen leggja fram sak om oreigning for idrettsområdet og tilhøyrande tilkomstveg i møtet 26. mars 2026. Heradsstyret ber òg om at det innan utgangen av 2026 vert utarbeidd framlegg til detaljreguleringsplan for KBA7 og andre nødvendige areal, med avklaring av heradet sitt arealbehov.

Det er opna for nye forhandlingar om minneleg løysing dersom det er forhandlingsvilje, men ein eventuell avtale skal uansett leggjast fram for godkjenning i heradsstyret.

Vedtaket i heradsstyret er viktige for nærnaturen og framtida til friluftslivet på Bømoen ved at 110 dekar (16 fotballbanar) ikkje vert omgjort til næringsareal. At areala for flyplassdrift, beredskap og luftsport blir sikra gjennom offentleg råderett er neste steg. Reguleringsplanen som vart vedteken i 2024 ligg fast som grunnlag for vidare arbeid. Me takkar alle som har stått på for å få dette til – gjennom innspel og lesarbrev, spørsmål, dokumentasjon og politisk engasjement over lang tid.